Ordførar i Nordre Land, Ola Tore Dokken, har starta eit felttog mot Valdresbanen. Han vil ha høgspentkabel og sykkelveg i banetraseen. Gjennom lobby mot Bane Nor, regjering og storting har han fått gehør for å rive opp banen, og han dreg no i gang eit forprosjekt. Når 113 lokalpolitikarane skal ta standpunkt i ei så kontroversiell sak, er det grunn til å beklage at det ikkje blir lagt fram ei balansert og informativ saksutgreiing.

Etter at togtrafikken var innstilt, vart Nye Valdresbanen (NVB) stifta på eit folkemøte i 1989, der fylkesmann Knut Korsæth var ordstyrar. Korsæth hadde fått inn i nedleggingsvedtaket at banen skulle ligge i beredskap til Leira. I ei tid med klimakrise, miljøkrise og sikkerheitskrise er det uklokt å rive ti mil med jernbanespor. Krigen i Ukraina viser kor viktig jernbanen er for å få fram forsyningar i krisesituasjonar.

Det er elles viktig å minne om at det offentlege lenge har lagt føringar for drift på Valdresbanen. I 1989 fekk NVB grønt lys til å køyre tog. NVB fekk tilskot frå fylket, og trafikkkonsesjon vart gitt i statsråd. Etter pålegg frå departementet vart driftsselskapet AS Valdresbanen (ASVB) stifta i 1991. Der er Nordre Land og dei andre kommunane aksjeeigar. Mange frivillige engasjerte seg, og Valdresbanen kjøpte inn Valdresbanens gamle motorvogner. I fleire år vart det køyrt veteran- og turisttog. Frå 1997 har det vore dresinutleige frå Leira, Dokka og Hov.

Men samtidig med at vi fekk klarsignal til å gå vidare, var det enkelte politikarar som motarbeidde banen. I 1992 reiv regjeringa sporet Fagernes-Leira etter at Natur og Ungdom hadde stoppa arbeidet i fleire veker. I 2002 vart Leira-Bjørgo rive opp etter at dette fyrst var stoppa to gonger i tingretten.

I 2002 fekk AS Valdresbanen godkjent sitt sikkerheitsstyringsystem. Togturar Gjøvik-Dokka vart sett i gang. Men frå 2009 ville ikkje Jernbaneverket lenger justere sporet. I 2006 overtok ASVB leiga av Dokka stasjon, etter at Valdresbanen hadde pussa den opp med tilskot frå Kulturminnefondet. Kulturstasjonen vart opna med snorklipping av Nordre Lands varaordførar. I 1996 var det 90-årsjubileum og i 2006 100-årsjubileum med damptog. Sidan 2007 har ASVB brukt ein halv million på å kjøpe inn turistdresinar. 30.623 personar har hittil reist med dresin og tog i regi av AS Valdresbanen. I 2018 fekk selskapet offentlege tilskot til eit dresinprosjekt. Valdresbanen har vore drivkraft bak Midtpunktfestivalen og medarrangør for skiarrangementet «Gå ta banen».

ASVB har betalt kontingent i Landsbylauget, Land Utvikling og destinasjonsselskapa og støtta opp om reiselivet i Land. Vi har fått Vegvesenet til å montere «severdighetsskilt» ved innfartane til Dokka, og vi var saman med Turistkontoret for Gjøvik-Land-Toten og kommunen med på å dra i gang turistinformasjon på stasjonen.

Dokken går inn for å legge høgspentkabel i sporet og bygge gang- og sykkelveg. Det blir kostbart å rive spor og 170.000 kreosotsviller som må fraktast til destruksjon i Sverige. I tillegg er undergrunnen fylt med to-tre lag kreosothaldige dreneringssviller. Det betyr at også dette må fjernast. Kabellegging i sporet vil føre til at kabelen blir ei mil lengre enn nødvendig. Det ville vera meir fornuftig legge kabelen langs noverande høgspenttrasé og plante skog oppå.

Dokken viser til Skreialinja. Men Skreialinja går over flate jordestrekningar. Valdresbanen går delvis i pukkballast gjennom høge skjeringar, over store fyllingar med bratte skråningar og ei rekke bruer. Sykkelveg krev store utgifter til brusikring, kantrekkebygging, grusing, grøfting og asfalt. I tillegg kjem vedlikehald og forsikring. Det er dessutan verdt å merke seg at regjeringa neppe vil betale alt ved oppriving. I sitt forslag bruker regjeringa formuleringa «delvis vederlagsfri avhending».

I åras løp har mange frivillige årleg lagt ned tusenvis av dugnadstimar for banen i form av administrasjonsarbeid, motorvognvedlikehald, vegetasjonsrydding og rasutbetring. Utan dette ville banen vore attgrodd. Gjennom «Bompengebilletten» har støttespelarar betalt inn 913.000 kroner, og årleg bidreg 370 medlemmer med kontingent og gåver.

Det er derfor trist å vera vitne til at ordføraren i Nordre Land motarbeider det frivillige arbeidet og også har fått med seg andre ordførarar på laget. Andre sidebanar blir liggande. Berre Valdresbanen blir med jamne mellomrom usett for harde, politiske angrep. Det er grunn til å undre seg. Men siste ord er ikkje sagt.