Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Fasiten på kva den rette klimapolitikken er burde vore enkel, men det er den ikkje. Kva for tiltak som er best har den enkelte utifrå sin ståstad, si erfaring eller sitt politiske syn. Klimapolitikken må derfor handle om å sjå desse utfordringane i samanheng og om å finne kompromiss på tvers av dei ulike verkelegeheitane vi lever i
Vi må erstatte den fossile energibruken med fornybar energi og bruke det grøne karbonet i jorda og skogen i større grad enn i dag. Desse ressursane finn ein i heile landet. Derfor er det nødvendig at vi også fører ein politikk som gjer at vi kan bu der ressursane er. Omstilling tek tid. For nokon vil desse endringane knapt merkast, medan andre kan stå i fare for å bli hengande etter om vi ikkje har ein politisk kurs som legg til rette for grøne val.
For å kunne utnytte naturressursane må vi mellom anna ha ei omstilling for landbruket. Ikkje berre på grunn av klima, men også for ei inntektsutvikling som gjer at fleire kan leve av det grøne karbonet. Vi må vise vilje og evne til å investere og satse på meir vidareforedling av råstoff og produsere meir av dei varene vi treng sjølve. Derfor har programkomiteen i Senterpartiet gått inn for å opprette eit «Bionova» – eit klimafond på 10 milliardar kroner for landbruket, for støtte til omlegging av produksjon og drift med mindre klimautslepp. Dette er god klimapolitikk som vi støttar.
Vi må endre oss frå eit forbrukssamfunn som brukar og kastar, til eit samfunn som reparerer og sløser mindre. Senterpartiet har fremma eit forslag om mindre bruk og kast på Stortinget, som vi håper får fleirtal. Vi må få ned transporten av råstoff og varer verda rundt. Det hjelper lite å kutte utsleppa i Norge om vi importerer dei same varene med høgare totalt utslepp.
Programkomiteen i Senterpartiet har foreslått å bygge ut 10.000 hurtigladarar i heile landet innan 2030. Eit godt klimatiltak som gjer det lettare å ta grøne val, uavhengig av kvar ein bur og korleis ein organiserar kvardagen sin. Det må likevel også leggast til rette for arbeidsplassar i heile landet, slik at folk slepp å pendle for å kunne brødfø familien sin. Om vi innrettar klimapolitikken mot det grøne karbonet legg det til rette for nye jobbar i heile landet.
Skal vi få ei god forankring og forståing for nødvendige endringar, må vi bygge vidare på den tilliten folk har til myndigheitene i Norge i dag. Ein tillit ein fort kan miste om endringar slår skeivt ut. Det kan skape uro og motvilje. Skal vi få til gode klimatiltak og sikre folk arbeid og inntekt, må heller ikkje klimatiltak slå økonomisk eller geografisk skeivt ut. Det betyr ikkje at Senterpartiet er motstandarar av for eksempel auka CO2-avgift, men den må aukast på rett måte som ikkje skapar større forskjellar i landet vårt.
Etter kvart skal stortingsvalprogrammet til Senterpartiet bli vedteke. I kapittelet om klima står det mellom anna at «Parisavtala sitt mål vil krevje ei sterk utvikling av grøne næringar og ei aktiv omstilling på alle samfunnsområde. Klimaløysingane må tilpassast lokale høve og bidra til berekraftig utvikling i heile landet. I klimapolitikken ligg det store moglegheiter for betre ressursutnytting og næringsutvikling.»
I staden for å snakke med mjølkekartongen, vil vi drikke mjølka og jobbe for ein jordnær og effektiv klimapolitikk for heile befolkninga, uavhengig av kva ein tener og kvar ein bur.