Faglaga ropar varsku om nedprioritering av fjellandbruket

PROTEST: – Det må finnast forsøksareal som ligg høgt over havet, og det må vere forskarar som er stasjonert og kjenner utfordringane i dette området, skriver Bondelaga og Bonde- og Småbrukarlaga i Valdres, som synes landbruks- og matministeren tar for lett på nedlegging av NIBIO Løken.

PROTEST: – Det må finnast forsøksareal som ligg høgt over havet, og det må vere forskarar som er stasjonert og kjenner utfordringane i dette området, skriver Bondelaga og Bonde- og Småbrukarlaga i Valdres, som synes landbruks- og matministeren tar for lett på nedlegging av NIBIO Løken. Foto:

Av
DEL

MeningerVi opplever at landbruks- og matminister Bollestad tek for lett på nedlegging av forskingsstasjonen NIBIO Løken i Valdres. Ho ser ikkje ut til å ha merka seg at dette er den einaste forskingsstasjonen som ligg høgt over havet og som kan ivareta dei røffe vekstforholda i fjellandbruket.

Bollestad har skrive brev med kommetarar til forslaget frå stortingsrepresentantane Bengt Fasteraune og Marit Knutsdatter Strand om å sikre vidareutvikling av forskingsstasjonen på Løken. Der seier ho at ho er fornøgd med at NIBIO er representert i alle landsdelar. Vi som driv landbruk i fjellbygdene veit at det er heilt andre vekstforhold her enn på Toten eller på Ås!

Landbruket i dal- og fjellbygdene står for ein viktig del av matproduksjonen i landet vårt. Då må styresmaktene syte for at også denne delen av landbruket skal få ta del i forskings- og utviklingsarbeid som gjer landbruket rusta til å møte framtidige utfordringar. For å få til det, må det finnast forsøksareal som ligg høgt over havet, og det må vere forskarar som er stasjonert og kjenner utfordringane i dette området.

Dette ser det ikkje ut til at regjeringa har teke inn over seg, og vi er svært urolege for den nedprioriteringa av fjellandbruket vi opplever at dette er.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags