Gode tilbod, ridetur på islandshest, loppemarknad, dokketeater og gardsis – dette er berre nokre få stikkord for alt du kan oppleva under «Etnedal rundt» den 29. og 30. juli. På kommunen sin heimeside og på facebooksiden "Etnedal rundt på ei helg" finn du arrangementskartet du kan orientere deg etter.
Bedrifter og gardsbesøk
Bedriftene i dalen vil rigge seg til med gode tilbod og ekstra god stemning denne helga, som i mange år har vore innarbeidd som helga for Etnedalsdagane. På grunn av rehabilitering av brua over til skulen og Etnedalshallen, må publikum denne gongen reise ut i Etnedals mange grender for å få nye oppdagingar av kva dalen har å by på.
Kva med ein tur til Gamlestølen eller Lenningen, eller ein tur innom den unike landhandelen Bygdebørsen? Rett «over gata» for Bygdebørsen ligg garden Ødegård, som har ope for besøk med salg av saktter fra den gamle låven under «Etnedal rundt». På Bruflat kan du stikke innom BUA, som er open for utlån av fritidsutstyr heile helga.
Hovudarrangementet går føre seg på Blåflat gard. Her blir det mellom anna salsutstilling med lokalmat og handverksprodukt, matservering, dokketeater, og ikkje minst bygdefest og dans på tunet med Steff Nevers laurdag kveld. Kjøp billetter her: Fest på tunet med Steff Nevers - Etnedal kommune
Den kreative frivilligheita i Etnedal
Lag og foreiningar er vane med å stille opp i samband med Etnedalsdagane siste helga i juli. I år er dei ekstra kreative, med heile Etnedal som boltreplass. På Skogtun på Bruflat blir det ein etterlengta loppemarknad, der det garantert er mogleg å finne seg ein skatt eller to. Etnedal Røde Kors og Valdres brann og redning vil også vera i aksjon – blant mange andre.
Sundagen arrangerer Blåflat gard i samarbeid med Etnedal folkebibliotek foredrag med Ingeborg Solbrekken om boka Jøden og jorden. Og i Bruflat kyrkje kan du gå i gudsteneste og seinare få omvising.
Bading, fisking og stolpejakt
På kartet som viser alle aktivitetar gjennom helga, finn du også gode tips til bade- og fiskeplassar. Bading og fisking kan du kombinere med stolpejakt i området rundt Lundebrua, der årets stolpar er plassert.
Informasjon om alle arrangementa finn du på kommunen sin heimeside og på facebook. Her blir program og aktuelle stader å besøke oppdatert fortløpande.
Etnedal rundt på ei helg er eit samarbeid mellom Etnedal husflidslag, Etnedal Utvikling og stiftelsen og vennelaget for Blåflat gard.