En annleis påske

TILBOD: – Sjølv om det ikkje vil vere mogeleg å koma til gudsteneste i fysisk forstand denne påska er likevel kyrkja til stades med mange tilbod, skriver biskop Solveig Fiske.

TILBOD: – Sjølv om det ikkje vil vere mogeleg å koma til gudsteneste i fysisk forstand denne påska er likevel kyrkja til stades med mange tilbod, skriver biskop Solveig Fiske.

Av
DEL

KronikkDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Ein av dei finaste stadene eg veit om er Domkyrkjeodden på Hamar. Her er det historie i alle vegger, og det er breie og opne uteområde der ein kan tilbringa ein fin fridag. Staden har mange attraksjonar, og den største av dei er sjølvsagt glaskatedralen. Reist over ruinane frå den gamle domkyrkja i Hamar, og gjennom eit unikt uttrykk bringer ho vitne om levd liv, arkitektur og handverk. Ruinar kan vere vakre, men dei kan også vere nedslåande. Ruinar fortel historia om noko som gjekk sundt, noko som ikkje lenger er heilt. Når vi ser på ruinar kan vi bli fylte av ein form for nostalgi, og få ei kjensle av at noko har gått tapt. På den måten er ruinar litt som våre minner; vi ber alle med oss minne som er vakre, men også minne om det som vart øydelagt og vanskeleg.

Gjennom gamle historier finn vi mange døme på menneske som ikkje blir liggande lenge nede, for av det som er øydelagt vert det bygd opp noko nytt. Eg undrar meg stadig over kor mykje motstandskraft vi menneske har i møtet med det som er vondt og vanskeleg –menneske som har kome seg vidare tross all verdsens motstand, som då menneske reiste glaskatedralen, og skapte eit nytt og gamalt rom på ei og same tid. I fagterminologien blir dette kalla for resiliens. I følgje Store norske leksikon definerast dette ordet som: «psykologisk motstandskraft, de faktorer som har sammenheng med at man beholder en psykisk styrke og helse til tross for stress og påkjenninger. Å være resilient vil si at man er robust»». Det er eit godt ord, og som prest har eg møtt mange menneske som er fulle av resiliens, både enkeltmenneske, men og i fellesskap med fleire.

Korona. Vår grad av resiliens får verkeleg testa seg i desse dagane. Når vi no nærmar oss påske har krisesituasjonen rundt korona-viruset vart lenge, og det er nok fleire som kjenner på utmatting og ein viss form for mismot. Det er vanskelege tider, ikkje minst tærer det på at vi ikkje lenger kan møtast ansikt til ansikt på same måte som tidlegare. Påskefeiringa blir naturleg nok annleis, vi kan ikkje på same måte livnære våre faste og gamle tradisjonar. Samtidig har vi vel aldri teke sosiale medier i bruk på ein betre måte enn no. Det blir laga mykje godt materiale som bidreg til å halde humøret og motet oppe. Det blir delt på videoar, bilete, tekster og historier som kjem inn i dei tusen heimar, og på den måten hjelper oss til å stå saman i solidaritet. Eg er sikker på at vi vil koma oss gjennom denne krisa også.

Påska er også ein forteljing om resiliens. Disiplane til Jesus møtte stor motstand i påska. På langfredag opplevde dei å sjå sin ven og mentor dø på krossen. Denne mannen skulle jo vera redninga, og sjølv om han fleire gongar hadde fortalt dei om at dette skulle hende med han, var det nok eit stort sjokk for dei alle - det at det faktisk skjedde . Men med Jesus er heller ikkje døden umogeleg å reise seg opp frå. Jesus sigra over døden og kom tilbake til sine vener, ja, til oss alle. Han viste seg først for kvinnene, deretter for resten av sine trufaste tilhengarar. Han viste dei og oss at i møte med døden er det mogeleg å reise seg – ja, etter denne påska er ikkje lenger døden den siste stoppestaden. Det er ein himmel over våre liv. Han ga dei livsmot og kraft til å føre vidare det oppdraget som var gjeve dei. Dette er på mange måtar kjernen i den kristne trua, og nok ein av hovudgrunnane for at så mange oppsøker kyrkjene, særleg i tider prega at vi kjenner på uvisse i møte med det samansette i tilveret.

Sjølv om det ikkje vil vere mogeleg å koma til gudsteneste i fysisk forstand denne påska er likevel kyrkja til stades med mange tilbod. NRK vil sende gudstenester på sine plattformar, og det vil vere mogeleg å følgje mange kyrkjelydar på dei ulike streamingalternativa på sosiale medier. Kyrkja har som så mange andre måtta omstille seg raskt gjennom denne krisa, og det er svært imponerande å sjå alt det kreative og godt teologisk forankra arbeidet som no blir gjort mellom kyrkja sine medarbeidarar.

Så det er håp i møtet med denne påska. Trua på Gud og trua på menneska sine evner gjev oss håp om at vi skal reise oss også denne gongen . Historia syner oss at folk aldri har akseptert håpløysa, men har teke tak og skapt noko nytt. I fellesskap og solidaritet med kvarandre vil vi også denne gongen finne vegen ut og vidare. Det er det godt å ta med seg inn i høgtida og i tida som ligg framføre oss.

Velsigna påskehøgtid!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken