Eit statsbudsjett for fleire

Av
DEL

MeningerSjølve grunnmuren for nasjonen Norge ligg frå fjæra i Vestkapp til svenskegrensa i Trysil og frå Lindesnes til Nordkapp. Eit land tufta på tillit til kvarandre og for at arbeidsfolk skal ha gode og rettferdige kår.

I Senterpartiet sitt forslag til alternativt statsbudsjett legg vi dette fortsatt til grunn for våre prioriteringar. Ein skatte- og avgiftspolitikk som samlar meir enn den splittar. Som løftar den som ikkje har så mykje og som gjev den som har meire eit større ansvar i å bidra. Vi ynskjer eit samfunn med små forskjellar, tenester nær folk og verdiskaping i heile landet og det må vi også spegle i våre budsjett.

Det er i kommunane folk bur, så ramma til kommunane må på eit anna nivå enn det regjeringa har lagt til grunn. Med vårt budsjett får Innlandet fylkeskommune ei auka ramme på 121, 9 millionar og kommunane i sum 296,4 millionar som skal gå til betre tenester, infrastruktur og satsing på næringsutvikling, kultur og kompetanse.

Det alternative statsbudsjettet til SP sentralt svarar opp det vi politisk i Innlandet peiker på som våre største utfordringar med eit fylkesbudsjett. Innan samferdsel er det auka tilskot til breibandsutbygging på 244 mill, auka satsing på fylkesvegar på 1 milliardar, auke til bruprogrammet med 50 millionar og meir pengar til rassikring av riksvegar på tilsaman 100 millionar i tillegg til utbedring av flaskehalsar på riksvegar med 300 millionar og, for ikkje å gløyme, å finansiere flom- og skredforebygging med 250 millionar i auke. Ei gjennoppretting av KID-ordninga vil vi også ha på plass.

Innanfor utdanning vil SP bygge 500 nye studentboligar, etablere 500 nye fagskuleplassar, auke i regionale forskningsfond med 11 millionar og generelt ei auka satsing på fleire felt innanfor yrkesfag både for yrkesfaglærarar, elevar og for utstyr.

Næringsutvikling og verdiskaping på våre ressursar og premissar er avgjerande for at Innlandet skal blomstre. Auke regionale utviklingsmidlar med 300 millionar som har vore kutta over fleire år no. Regjeringa har auka moms på reiseliv fleire gonger, og SP ynksjer å redusere satsen frå 12 til 10 prosent. For å styrke lokale sparebankar og bankar i lokalsamfunn i Norge, vil vi fjerne den auka arbeidsgjevaravgifta for finansnæringa på 5 prosent.

Vi vil etablere eit grønt investeringsselskap på 10 milliardar for å støtte og styrke selskap som ynskjer å ta ei leiande og strategisk rolle i utvikling av nye løysingar og teknologiar basert på grønt karbon. Vi vil styrke bioøkonomiordninga som har fokus på å utvikle nye løysingar med utgangspunkt i fornybare ressursar frå jord, skog og hav med 40 mill. Vi ynskjer også bygdevekstavtaler med 500 millionar for næringsutvikling og levande lokalsamfunn i heile landet.

Kulturen er limet i samfunnet og våre viktigaste prioriteringar der er 140 millionar til auka momskompensasjon for frivillige organisasjonar, 12 millionar til innovasjonsstøtte til lokalaviser og 152,5 mill til kulturminner og vi vil styrke Norsk kulturfond med 30 millionar. Nettopp med tanke på kultur, er det viktig å styrke økonomien til kommunane fordi det er der den kulturelle grunnmuren ligg.

Senterpartiet ynskjer mindre sentraliserte arbeidsplassar, betre solidaritet og fordeling, trygge nærmiljø, eit arbeidsliv for alle og tillit og kvalitet i skulen og kultur til folket.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags