Gå til sidens hovedinnhold

Eit nærpoliti i 2021 skal også vera til stades på nett

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det nærmar seg valg. Det har dei fått med seg i Senterpartiet også. Det dei ikkje har fått med seg, er at vi skriv 2021 på kalenderen.

Eg skal halde meg for god til å skulde mine politiske motstandarar for å fara med lygn, så eg nøyer meg med å seia at mange i Senterpartiet treng ei kraftig realitetsorientering. Høgre og regjeringa blir skulda for å gjennom sine snart 8 år i posisjon konsekvent byggje ned beredskapen i Noreg. Det er omtrent så kunnskapslaust utspelt som det er råd å få det.

Beredskap har vore av dei største prioriteringane for regjeringa. Det har ført til at vi har eit splitter nytt politi. Eit politi som er tilpassa dagens kriminalitet og eit politi som er rusta til å gjere den viktige jobben som politiet har. Vi har gjeve Noreg 2100 fleire politifolk, som er spreia over heile landet og vi har innført krav til responstid. For oss er det viktig at politiet blir pressa til å respondere så fort som mogleg, fordi det er store avstandar og at krav til effektivitet er naudsynt. Elles kan det få katastrofale følgjer. Kravet til responstid fanst ikkje under dei raudgrøne.

Vårt mål har heile tida vore å gjere Noreg tryggare. Vi fekk for alvor kjenne på konsekvensane av for dårleg beredskap 22. juli. Etter Høgre kom i regjering har vi gjort noko med dette. Politiet har fått eit nytt beredskapssenter for å samle politiets beredskapsressursar. Vi har auka beredskapstroppen med 50 prosent, slik at fleire kan utføre dei skarpaste oppdraga, og vi har knytt politiet og forsvaret tettare saman. Dette har vi gjort fordi alle i Noreg skal føle seg trygge, uansett kvar dei er.

Ikkje berre har vi auka talet på politifolk i Noreg, vi har også gjeve dei nytt utstyr. Nye bilar, nye helikopter og nye teknologiske verktøy for å løyse kriminaliteten i 2021. Vi ser at det ikkje lenger er nødvendig med eit lensmannskontor i kvar grend, fordi det gjer heile systemet svært lite effektivt. Vi er opptatt av at politiet skal væra ute der kriminaliteten skjer, og ikkje sitja inne på lensmannskontoret der kriminaliteten ikkje skjer. Eit nærpoliti i 2021 skal også vera til stades på nett. Dessverre ser vi overgrep på nett kvar einaste dag, og derfor har vi effektivisert politiet slik at dei også kan ta hand om dette. Dessverre verkar det som Senterpartiet tykkjer det er viktigare å få fornya passet i kommuna du bur i, enn å nedkjempe denne nye og hardtrammande kriminaliteten.

Og kven er eigentleg Senterpartiet og dei raudgrøne til å prate om beredskap? På venstresida er dei ikkje einige om medlemsskap i NATO eingong. Det er tydeleg at Senterpartiet ser sitt snitt til å drive populistisk skremming av Noregs innbyggjarar denne valkampen. Mitt råd er å ikkje høyre på dei. At Senterpartiet vil vinne val ved å skape usikkerheit i befolkninga seier meir om dei en noko anna.

Vist du vil at vi skal fortsette å styrke beredskapen i Noreg, og gjere det tryggare for oss å bu her, ville eg ikkje sett til det politiske eksperimentet på venstresida. Eg skal stemme Høgre, fordi eg er sikker på at trygg styring, både i beredskapen og gjennom pandemien vi står i, er vegen å gå. Dersom du også trur på fleire folk i politiet, meir fokus på beredskap og kunnskapsbasert styring så bør du også stemme Høgre.

Kommentarer til denne saken