Ei fersk årbok i neven er høgtid

Av
DEL

Meninger

Det er laurdags efta, det bankar på døra, ute står ein blid kar frå historielaget og lurer på om eg vil kjøpe årboka. Klart eg vil det, eg kjøper to, så har eg ei julegave og.

Kjøpe ei bok usett? Det gjer eg veldig sjeldan. Men årbøker er noko eg vil ha, kvart år, liggande klar ved godstolen fram til jul, i samtale med besøkande, i bokhylla for oppslag i mange år framover.

Det er høgtid å opne ei ulest bok, luktar enda fersk bok frå bokbinderiet, knakar litt i ryggen. Ein gamal bokhandlar lærte meg korleis ein skal opne nye bøker for å spara ryggen og innbindinga, - brette varsamt ut permane, litt frå kvar side til ein er midt i.

Årbøker les eg vanlegvis fyrst ved å bla fort gjennom, kjenne på boka, er det ein vakker gjenstand, eller ei litt tørr framside, kva seier dei på baksida, er det mange sider utan illustrasjonar, er det mange fargebilete, er det for smale margar osb? Så blar eg gjennom, ser på titlar på artiklane, forfattarnamn, ingress, illustrasjonar og bilettekster. Slik får eg eit inntrykk av kva denne årboka inneheld.

Nokre årbøker er laga etter «postkasseprinsippet», ein tek inn det ein får inn, andre har tema, som regel er det ei blanding. Kva skriv folk om? Alt mogeleg som har skjedd i lokalsamfunna gjennom fleire tusen år. Kven er det som skriv? Tidlegare var det eldre menn, gjerne lærar eller frå gard, nå er det framleis flest vel vaksne kvinner og menn, alt frå utdanna faghistorikarar som skriv, til historielagsentusiastar og andre. Å publisere i ei årbok gjev ikkje mykje vitskapleg prestisje. Likevel er det kvart år gode artiklar av faghistorikarar i årbøkene, fordi dei vil vera ein del av lokalhistorierørsla, fordi dei vil gje kunnskap attende åt lokalsamfunnet, kan hende.

Bakerst står årsmeldingar. Kva har dei gjort førre året som gjekk? Årsmeldinga er vanlegvis godt illustrert, syner mange aktive, dyktige folk som driv med markvandringar, merking av stigar, vedlikehald av antikvariske bygningar, demonstrerer lokale handverks- og husflidsteknikkar, held foredrag, har temakveldar, lagar lokal tradisjonsmat, registrerer foto eller gjenstandar for ettertida, formidlar til skuleungar – masse samfunnsnyttig arbeid for lokalsamfunnet og besøkande.

Redaktør/redaksjonen har mykje arbeid med dei 125-250 sidene i kvar årbok. Antal timar bak kvar bok er umogeleg å rekne ut; korrekturlesing, sjekke fakta, fagleg innhald og så språkleg, bokmål, nynorsk, dialektvariantar, konsistent rettskriving, orddelingar, setta inn overskrifter, kapittelinndeling, ingress, noter - mykje arbeid som mesta ingen ser. Men alle ser om det er pent gjort, lite skrivefeil, godt språk, gode tekster, gode artiklar, godt illustrert.

Blir det aldri tomt for tema? Nei, aldri; for levd liv, fjern fortid, nyare tid, samtid – er stadig aktuelt for nokon og er viktig å få publisert i «harde permar». Det som har stått som artikkel i ei avis/e-avis, på ei fb-side, eller anna, er forgjengeleg. Det eg har i bokhylla har eg når eg treng det i mi tid, og andre etter meg.

Opplaget varierer, 500-1800 eks., alt etter kor aktive dei er i å selja, og kor mange som berre må ha boka. Det er likevel godt å ha att litt på lager, ein artikkel kan vera like aktuell om 30 år for den som treng den informasjonen, med mindre alt er digitalisert og lagt ut på nett.

Kvart år blir det produsert kan hende 8-10 000x årbøker i Gudbrandsdalen, der mesteparten blir seld same år, og kvar bok blir lest av fleire. Mange sendast rundt i heile landet – og utlandet. Slik er det også i andre regionar. Det er ein enorm produksjon og tilsvarande stor interesse for desse årbøkene, og andre lokalhistoriske bøker. Dette er i hovudsak gjort av frivillige som ein del av ei stor landsomfattande rørsle med lange tradisjonar i landet. Det er imponerande at det framleis held fram, tilogmed aukar i antal publikasjonar og opplag. Årbøkene har ein solid posisjon i lokalsamfunna, både bygd og by, og ser ut til å styrke seg i samtida vår.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags