Tysdag 15. november 2022 passerte vi 8 milliardar menneske i verda. Alle desse skal ha mat, rein og trygg mat. Da har vi alle eit ansvar i eit klima- og miljøperspektiv for å produsere denne maten så berekraftig som mogleg basert på vårt klima og våre forutsetningar.

Årets arrangement av Biotown på Hamar befestar at Innlandet er mat- og teknologifylket. Det viktigaste vi gjer er å produsere mat til eiga befolkning og utvikle og sikre teknologi innan jord- og matproduksjon. Problem og løysingar må finne kvarandre på tvers mellom primærnæring og teknologi, digitalisering, forsking og ikkje minst må det til ei kommersialisering av gode løysingar.

Primærnæringa slit med lønnsamheit og skal nye tiltak, krav og teknologiar inn må dette gjerast utan at den enkelte bonde må ta den heile og fulle kostnaden og risikoen for det. Det er ein risiko storsamfunnet må både ta og dele på.

Det er ikkje noko næring som har vore så omstillingsdyktige som landbruket, men nå handlar det om å utvikle teknologien og hjelpemidla for å møte klima- og miljøutfordringar. Biologi, teknologi og økonomi må gå opp i opp.

Vi fekk høyre om robotar, presisjonsjordbruk, dronar, bjølleklavar som fungerer som både tilsyns- og helseapp for å nemne noko. Landslaget for AgriFoodTech (JordMatTek) som vil samarbeide på tvers av grenser for å ut i verda og gjere norsk mat- og teknologiindustri kjend var på agendaen. Gjennom denne satsinga er målet å løfte fram fleire satsingar på ny teknologi og nye metodar som har potensiale. I denne samanheng, både ved at det blir teke i bruk i norsk landbruksproduksjon, men også som eksportprodukt. På den måten kan vi bygge ein sterkare norsk leverandørindustri. Innlandet har ein naturleg plass i ei slik satsing, og Innlandet fylkeskommune støttar arbeidet.

Det er himmelen som er grensa for korleis vi skal løyse jordnære utfordringar. Men felles for alle temaene er at berekraftig produksjon må bli lønnsamt og heile verdikjeda må med. Framtidas jordbruk er ein spennande arbeidsplass med ny og tilgjengeleg teknologi som må fungere med god kunnskap om agronomi og dyrehald.

Verdiane som norsk jordbruk er tufta på med god avl, godt dyrehald, god agronomi og samarbeid vil og må styrke seg i framtida. Skal eit landslag som dette lykkast må heile laget med, frå den minste grønsakdyrkar til den største kornbonden via sau på fjellbeite til store kufjøs i låglandet.

At Innlandet har fått Bionova, gjev ein ekstra inspirasjon til å støtte opp om klimaløysingar både i primærnæringa og i industrien som skal vidareforedle og serve landbruket.

I ei verd som er stadig meir pressa og som viser seg stadig meir sårbar når kriser dukkar opp, må vi finne gode løysingar i fellesskap. Konkurrere der vi må, men samarbeide der vi kan. Skal vi få eit godt landslag må rekrutteringa frå lokalt og regionalt optimaliserast og gjerast i stand til å utvikle det viktigaste av alt – produsere mat til deg og meg på ein klima- og miljøvenleg måte basert på våre ressursar.