Gå til sidens hovedinnhold

Det handlar om distrikta og heile Innlandet

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I fylkesutvalet 23. mars behandla vi høyringsuttale til NOU 2020:15 Det handlar om heile Norge, der det såkalla Norman-utvalet har gjort ei utgreiing om demografiutfordringar i distrikta. Dei kom med fleire forslag til tiltak, men vi meiner dei kunne vore enda meir spenstige og målretta.

Viktige tema i rapporten er distriktspolitiske verkemiddel, tenestetilbod, inntektssystem, auka behov for helse- og omsorgstenester på grunn av aukande aldring, bustadmarknad og infrastruktur.

Vi meiner at vi no meir enn nokon gong treng ein offensiv distriktspolitikk. Det kan ikkje berre pratast om og problematiserast, men handling til for å snu sentraliseringa som skapar press på byane og infrastrukturen og bustadmarknaden. Vi treng ei kraft for å skape ei motkraft.

Utvalet meiner at distrikta er levande deler av eit større norsk mangfald og at ei vidareutvikling av særpreg og forskjellane mellom storby og småsamfunn og småsamfunna imellom må vere ambisjonsnivået. Dette krev at kommunar må ta ansvaret for si eiga utvikling basert på eigne ressursar. Samtidig må staten oppretthalde ein politikk som støttar opp om gode liv også i distrikta. Dette krev auka oppmerksamheit om korleis man kan utvikle gode løysingar på distrikta sine premiss. Vi kunne ikkje vore meir einige.

Det er mange perler i Innlandet og vi har mange lokalsamfunn som er gode å bu og leve i og eit mangfald av småe og store bedrifter både innan primærnæring, reiseliv og industri. Derfor ynskjer vi å utfordre regjeringa på eit pilotprosjekt for distrikta i Innlandet.

Vi ynskjer å bli eit pilotfylke for korleis vi kan få ein distriktspolitikk som verkar, om gjev optimisme og utvikling. Vi treng verkemiddel for å legge ei desentralisert tenking til grunn for vår samfunnsutvikling. Vi vil bli ein pilot for å desentralisere og opprette stillingar i våre distriktsregionar som går på regionalutvikling og samfunnsplanlegging. Ser man dette i samanheng med vidaregåande opplæring og desentralisert utdanning og i tett samarbeid med kommunar og næringsliv, kan vi få mange spennande resultat om man tenker stort og innovativt saman. På den måten vil fylkeskommunen vere meir til stades ute i distrikta, samtidig som fylkeskommunen kjem tettare på og får kunnskap om utfordringar man må ta tak i og moglegheiter man kan bygge vidare på og stimulere.

Det må ei verktøykasse til for å få til dette, derfor må vi ha regionale distriktsutviklingsmiddel. Piloten kan vi kalle «Tett på - 2030» og kan omfatte Valdres, Nord-Gudbrandsdal og Nord-Østerdal med flest kommunar som ligg under sentralitetsklasse 5 og 6 og kan vare fram til 2030. Med ei fylgjeevaluering vil man kunne sjå kva verkemiddel og tiltak som nyttar opp mot samfunnsutviklinga generelt i Norge. Dette må vere eit langsiktig arbeid for å kunne sjå og hauste reelle resultat.

Her må vi saman løfte distriktspolitikken, sjå verdiane distrikta har og saman finne gode løysingar og tiltak som monnar. Sterke distrikt styrkar også byane våre og vi har snakka og problematisert lenge nok at dei unge flytter til byen og at dei eldre blir buande att i distrikta. Nå må det handling til. Av ingenting blir det ikkje noko.

Kommentarer til denne saken