Kvinner og barna samlar seg i krysset mellom Karl Johans gate og Skippergata. I hendene bærer dei tomme korger og bulkete spann. Kunstnaren og sosialrealisten Christian Krogh er augevitne til hendinga. Synsinntrykka resulterer i det kjende måleriet «Kampen for tilværelsen», og har sidan 1889 vore utstilt i Nasjonalgalleriet. Måleriet skildrar ein reell krisesituasjon, som var representativ for dei sosiale tilhøva i hovudstaden og landet elles.

12. mars 2020 innførte regjeringa dei strengaste og mest restriktive tiltaka Noreg har hatt i fredstid. Kampen mot koronaviruset er eit felles nasjonalt prosjekt, der kvar enkelt innbyggjar må ta sin del av ansvaret. Heile landet er kalla inn til dugnad med pliktig oppmøte. Samtidig rapporterer media om kaostilstandar og tomme butikkhyller. Hermetikk, ferskvarer og dopapir er gjenstand for hamstring. Dei tre store matvareaktørane er tydelege i sin tale: Ta det med ro! Det er, og blir, mat og daglegvarer nok til alle!

TINE, Nortura og Felleskjøpet er bondeeigde samvirkeorganisasjonar, med ansvar for marknadsregulering på mjølk, kjøtt, egg og kornvarer. Marknadsregulator har både mottaks- og forsyningsplikt, og bidreg til at råvareprodusenten får levert sine varer til så høg pris som mogleg. Ordninga gjeld for heile landet. Saman med avtalepunkta frå jordbruks-forhandlingane skal marknadsreguleringa bidra til å utjamne kostnadene ved ein spreidd jordbruksproduksjon. Marknadspris blir regulert, korrigert og utjamna ut frå geografiske, klimatiske og topografiske omsyn.

I følgje tal frå mat- og serveringsbransjen (matvett.no) vart det i 2018 kasta 390.000 tonn frå kartlagte verdikjedeledd, inkludert forbrukar. Talmaterialet konkluderer med at norske husstandar står for over halvparten av det totale matsvinnet. Korrigert for importerte fôrråvarer er den norske sjølvforsyningsgraden i underkant av 40 prosent. Havbruksnæringa og jordbruket har innretta sin produksjon ut frå ein volummodell som krev tilførsel av soyabaserte proteinkjelder. Norsk matproduksjon bidreg såleis til å okkupere landareal på andre sida av kloden, samtidig som fattige småbønder mistar råderetten over sitt eige jordsmonn. Den norske utmarka utgjer 95 prosent av Noregs totale landareal. Nesten halvparten av dette arealet er eigna som husdyrbeite. I følgje Norsk Institutt for Bioøkonomi (2016) kan beitebruken meir enn doblast.

Har opplevinga til Christian Krogh blitt eit gløymd kapittel i vår felles nasjonale hukommelse? Eller er vi i stand til å snu den nasjonale skuta over i meir bærekraftig farvatn?

Koronaviruset set Noreg som nasjon på prøve. Eit tenkt framtidsscenario kan innehalde handelsblokade, grensestenging og redusert tilgang på importerte mat- og fôrråvarer. Den nasjonale dugnaden kallar norske bønder til å slå ring om sine etablerte samvirke-organisasjonar. Desse vart til i ei tid der bøndene sjølve måtte forhandle med sine oppkjøparar om høgast mogleg pris. Tilskotsordningane må dreiast over til å styrke dei driftseiningane som innrettar produksjonen ut frå garden og utmarka sitt totale arealgrunnlag. Den jamne norske forbrukar må starte ein mental snuoperasjon, der komande generasjonar lærer forskjellen på matvett og fråtsing.