Vi treng eit distriktsforlik

Av
DEL

LeserbrevNå er både Norge og verda midt i ei koronakrise som både utfordrar og mobiliserar oss. Krisa er og kan bli ein tankevekkar for korleis verda vår har utvikla seg i etterkrigstida.
Søndag 15. mars i 1935 inngjekk Bondepartiet og Arbeiderpartiet kriseforliket som endra norsk politikk. Dette kommenterer Bjørgulv Braanen i Klassekampen 14. mars 2020 og skriv «Der Venstre og Høyre stod fast i den gamle liberalismen, hadde arbeider- og bondebevegelsen et svar». Det var ein ny vilje til å styre samfunnsutviklinga. Det vart investert i industrien og i bygdene kom folk i arbeid. Det var ei stor satsing på velferdstenester og trygdeordningar for å minske forskjellane mellom folk.
Den sentraliseringa vi har sett dei siste 10-åra og trua på ein marknad med dei fire friheitane, fri flyt av varer, tenester, kapital og personar, byrjar å vise sine svakheiter. Sentraliseringa og trua på at stort er best tappar distrikta og gjev byane utfordringar. Dei fire friheitene og globaliseringa gjer oss meir sårbare om vi ikkje sikrar sjølvberging og god nok beredskap.
I Norge har vi nå fått ein distriktsminister som peiker på tre ting ho vil rette oppmerksamheita si på; utvikle strandsona, rovdyrpolitikk og lakseskatt! Når vi også nyleg har fått ei distriktsmelding som ikkje tek inn over seg kva eit distrikt er og ikkje peiker på tiltak for å styrke dei, blir denne ministerposten noko rar. Så langt har faktisk ikkje regjeringa kome med distriktspolitiske verkemiddel. Regionale utviklingsmiddel er meir eller mindre nulla ut og kommuner og fylkeskommuner er hardt pressa økonomisk. Distriktsministeren seier at «Det er bare snakk om hvor vondt og vanskelig det er - hvor dårlig det går. Vi trenger noen som taler distriktenes sak med optimisme og entusiasme som synliggjør mulighetene.» Men vi treng verkeleg ikkje fleire som pyntar på verkelegheita og lar utviklinga gå i feil retning og berre pratar, vi treng handling.
Vi skal tydelegvis ikkje ta inn over oss at dei rike blir stadige rikare og dei med minst får mindre. Aukande forskjellar har aldri ført noko godt med seg om vi glyttar litt i historiebøkene. Da kriseforliket kom i 1935 snudde det utviklinga i Norge frå ein økonomisk liberalisme som ikkje klarte å møte kriseproblema på 1920- og 30-talet til ein politikk for plan, samvirke og statleg jobbskaping for å møte samfunnsutfordringane. Ei slik satsing treng vi no også.
Vi treng offentlege tenester til stades i heile landet og ikkje sentralisere dei slik som no. Skal vi få til ei omstilling frå oljeøkonomi til bioøkonomi må vi investere med industrikapital og bygge opp kompetanse for dette. Vi treng ei mobilisering for næringsutvikling basert på våre naturressursar og med norsk eigarskap og kontroll. Vi må bygge opp att beredskap både for mat, infrastruktur og helsevesen som gjer oss i stand til å møte globale utfordringar. Vi treng eit distriktsforlik for å satse på distrikta og bygge opp att samhandlinga mellom by og land.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags