Gutar er og blir gutar, også i skuleverket

TENKE NYTT: – Å innføre forsinka skulestart for gutar er etter mitt syn ikkje å ta problema på alvor, mener varaordføreren i Vestre Slidre.

TENKE NYTT: – Å innføre forsinka skulestart for gutar er etter mitt syn ikkje å ta problema på alvor, mener varaordføreren i Vestre Slidre. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerKunnskapsminister Jan Tore Sanner fekk overlevert ein rapport om kjønnsforskjeller i dagens skuleverk. Rapporten heiter «Nye sjansar – betre læring»

Mange møter skuleverket med følelsen av manglande meistring og gutane er i klart fleirtal av dei som ikkje finn seg til rette på ein måte som stimulerer til god læring. Det er systematisk ulikheit mellom jenter og gutar som frå naturen er genetisk nedarva. Spørsmålet er om det er genane eller skuleverket som kan endrast? Utvalet bak rapporten har drøfta om gutane bør begynne eit eller fleire år seinare på skula. Utvalet var delt i spørsmålet. Halvparten, inkludert utvalsleiar Camilla Stoltenberg meiner forsinka skulestart for gutar er løysinga.

Kjønnsforskjellen i lesing og rekning er forholdsvis små mellom kjønna dei fyrste åra. Så får vi ein markant større forskjell i snittet utover i skuleløpet. Kvifor kjenner ikkje gutane seg så heime i den moderne skula og er det noko vi kan gjera? Eg meiner vi bør akseptere den genetiske kjønnsforskjellen der fleirtalet av gutane er meir praktisk rette i sin måte å lære på, mens fleirtalet av jentene ser ut til å tilpasse seg dagens teoretiske system betre. Kanskje gutane også manglar mannlege lærarar som ideal i dagens skuleverk. All ære til dei tusenvis flinke kvinnelege lærarane vi har, men vi treng meir kjønnsbalanse læraryrket og vi bør etter mitt syn kjønnskvotere inn mannlege lærarar på lærarstudia i åra som kjem.

Å innføre forsinka skulestart for gutar er etter mitt syn ikkje å ta problema på alvor. Vi må tenkje nytt og innsjå at det er forskjell mellom kjønn som treng både gruppetilpassing og individuell tilpassing i måten vi lærer på. Vi må finne ein middelveg i ein meir kjønnsbalansert læring. Begge kjønn kan dra god nytte av stimulerande tiltak å strekke etter gjennom praktisk læring, og vi må få betre ballanse mellom kvinnelege og mannlege lærarar i skuleverket. Å la gutane gå heime eit eller fleire år i staden for på skula, vil forsterke læringsproblema ytterlegare.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags