Helårsopen Fylkesveg 51 over Valdresflya

Arkivfoto: Fylkesveg 51, Valdresflya

Arkivfoto: Fylkesveg 51, Valdresflya

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Meninger 

For den nasjonale og internasjonale turisten er Nord-Gudbrandsdalen og Valdres eitt, felles reiselivsprodukt og ein destinasjon. Men det gjeld ikkje om vinteren. Da lev dei to regionane kvar for seg. Oppland Fylkeskommune arbeider no med eit moglegheitstudie for fylkesveg 51 Valdresflya der eitt av alternativa er heilårsopen veg.

Ein heilårsopen veg vil vere ein kraftfull stimulans til heilårsturisme, næringslivet og samfunnsutviklinga i Valdres og Nord-Gudbrandsdalen.

Ferdselsvegen gjennom Øystre Slidre til Bygdin sto ferdig i 1898. Dette utløyste etter kvart krav om betre nord/sør- samband noko som i sin tur førte til at vegen vidare over Valdresflye vart påbegynt i 1937. Vegen mellom Bygdin og Maurvangen vart opna fyrst i 1953. Sidan den gong har trafikkmønsteret endra seg radikalt. Vi har fått ein vesentleg auke i trafikkmengde og transport på denne strekninga. Og i 2012 vart vegen klassifisert som nasjonal turistveg.

Oppland fylke har mål om å utvikle heilårsdestinasjonar. Fylkesveg 51 Valdresflya er ein svært sentral føresetnad for å nå denne målsetninga i fjellregionane nord i Oppland. Gjennom åra har det vore mange meiningar om heilårsopen Fv51 Valdresflya. Kvar gong forslaget har kome opp har det enda med at saken har vorte skrinlagt - på grunn av økonomi, framkomlegheit, sikkerheit og beredskap..

Det er svært bra at det nå føreligg ei moglegheitsstudie som ser på kva som skal til for å halde vegen open heile vinteren, eller avkorte perioden da vegen må stengjast. Kva moglegheiter vil ein heilårsopen veg ha å si for framtidig vekst i vårt fylke?

Oppland er eit stort reiselivsfylke. Og vi har dei beste føresetnadane for å lykkast med fortsatt vekst i reiselivet og i anna næringsliv. Vi har spennande attraksjonar, fantastisk kultur, storslått natur, stillheit i store, vide fjellområder, spreke opplevingar, dyktige fagfolk og framoverlente næringsdrivande.

Reiselivsnæringa er som anna næringsliv avhengig av stabile og føreseielege rammer. Bruken av fylkesveg 51 Valdresflya er i dag ikkje føreseieleg. Reiselivet, transportnæringa og anna næringsliv må leve i uvisse om opning og stenging av fjellovergangen. Kommune og reiseliv har årvisst søkt om vegeopning til påske utan nokon garanti for at dette lar seg gjere eller blir prioritert

Vinteropen veg vil gje nye moglegheiter i reiselivet, næringslivet for øvrig og for hyttemarknaden.

Dagens situasjonen med vinterstengd Fv 51 gjev transportnæringa, og difor næringslivet, store ekstrakostnader grunna lang omkøyring. Ein heilårsopen fylkesveg 51 vil lette transporten mellom Rogaland og Midt-Norge og mellom Valdres og Gudbrandsdalen.

Oppland og Hedmark blir frå 2020 ein region. Fjellregionane Nord-Gudbrandsdalen og Valdres må definere sin plass og si rolle i det nye Innlandet. Vinteropen veg vil styrke samhandlinga og samarbeidet mellom regionane og kommunane, gje oss større politisk og administrativ tyngde og slik auke vår attraktivitet. Vinteropen veg over Valdresflya vil være eit viktig, strategisk grep for å utvikle ein funksjonsdyktig, ny region med livskraft og der avstanden til Mjøsbyen er stor.

Moglegheitstudien skal no til politisk handsaming i fylkeskommunen. Da er det naudsynt å sjå på kva det vil koste å sette seg eit mål om at Valdresflya skal bli heilårsveg. Men dei politiske drøftingane må få eit vidare perspektiv enn dette. Kva vil eit samband året rundt kunne utløyse av meirverdiar for næringslivet. Kva samfunnsmessige gevinstar kan vi få ? Kva vil det ha å seie for beredskapen ? Og korleis bygger ein balanse i det nye Innlandet ?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags