Lite ærefullt av politikarar i Nord-Aurdal

RIVER OPP SKINNER: Nå blir det slutt på dresinturister på gamle Valdresbanen.

RIVER OPP SKINNER: Nå blir det slutt på dresinturister på gamle Valdresbanen. Foto:

Av
DEL

MeningerTorsdag gjekk fleirtalet i kommunestyret i Nord-Aurdal inn for å sende eit brev til Bane NOR der ein ber om å få rive opp sporet på Valdresbanen på den 12,5 km lange strekninga mellom Bjørgo og Tonsåsen. Då Nye Valdresbanen fekk høyre om framlegget, bad styret om at saka vart utsett til venneforeininga hadde hatt eit møte med kommunen. Utsetjingsforslaget vart fremja av KrF, SV og Venstre, men vart nedstemt mot åtte stemmer.

Saka kom til kommunestyret utan å ha vore til behandling i formannskapet, og saksutgreiinga var særs tynn. Nord-Aurdal kommune har jamvel vore så fri at ein har gått inn for riving av sporet i grannekommunane Sør-Aurdal og til dels Etnedal. Over halve strekninga mellom Bjørgo og Tonsåsen ligg nemleg i Sør-Aurdal og den siste biten i Etnedal.

Etter at frivillige har halde ved lag eit turisttilbod på Valdresbanen sidan 1989, er det opplagt tid for å vurdere kva som skal skje med banen – og turisttilbodet – i framtida. Sørskogen grunneierlag skreiv brev i fjor og bad om at kommunen tok initiativ til å få rive sporet. Men kvifor slik hast no? Kvifor kunne ikkje kommunen ha vist litt respekt overfor ei gruppe som har lagt ned ein enorm frivillig innsats gjennom tretti år? Å stemme for oppriving utan å ha møtt dei frivillige i Nye Valdresbanen vitnar om ein arroganse som ikkje tener dei folkevalde til ære.

Ordføraren i Nord-Aurdal har truleg vore ivrig på å få ordna dette no, på slutten av ordførartida si. Ho er nemleg grunneigar langs ein del av sporet mellom Bjørgo og Tonsåsen. Det er ei kjend sak at grunneigarar har ytra ønske om å få banen til skogsbilveg. Ordføraren melde seg ikkje inhabil i behandlinga av saka.

For meg som har følgt arbeidet på Valdresbanen frå sidelinja gjennom tretti år, er det eit stort vonbrot å sjå kor arrogant politikarane i Nord-Aurdal kunne behandle denne saka. Fleire av dei frivillige har estimert at dei har brukt frå eit kvart til eit halvt årsverk pr. år for å halde i gang turistaktivitet på sporet. Fram til 2008 hadde dei turisttog-køyring, frå 1997 til 2001 dresinutleige frå Leira til Bjørgo, og frå 2002 til 2018 dresinutleige frå Dokka. I 2018 vart sporet reinska frå Tonsåsen til Bjørgo, og det var dresinutleige også på denne strekninga.

Me veit at ordførarane i kommunane langs banen hadde eit hemmeleg møte om saka i fjor, og at saka no kjem opp i kommunestyra også i dei andre kommunane. Kanskje er det heilt uinteressant for Nordre og Søndre Land at Nye Valdresbanen og AS Valdresbanen har drege om lag 1000 personar til Dokka på dresinsykling kvar sommar dei siste åra. Men vonleg vil desse kommunane, i tillegg til Sør-Aurdal og Etnedal, behandle dei frivillige i Nye Valdresbanen med større respekt enn det Nord-Aurdal kommune har gjort, og invitere til eit møte før dei uttalar seg til Bane NOR.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags