Nedgang i tapstall på sau

Ivar Vistekleiven (nestleiar), Kari Anne Jønnes, Aud Hove (leiar), Mariann Isumhaugen og Trygve Brandrud i rovviltnemnda er bekymret for utviklingen av tapstall til ulv og bjørn i Oppland.

Ivar Vistekleiven (nestleiar), Kari Anne Jønnes, Aud Hove (leiar), Mariann Isumhaugen og Trygve Brandrud i rovviltnemnda er bekymret for utviklingen av tapstall til ulv og bjørn i Oppland. Foto:

Av
DEL

MeningerRovviltnemnda er glade for at tapstala for sau tapt på beite er mindre i 2018 enn på mange år. Dette gjeld spesielt for jerv og gaupe, sjølv om det er for store tap til jerv i nokre område av Oppland. Det er på Lesja, i Skjåk og i Øyer dei største tapa har vore til jerv. Det er også store tap til ulv også i sommar på Hadeland, sjølv om vi er langt unna 2017-tala.

Vi ser at der rovviltnemnda har bede om ekstraordinære uttak av jerv, har også tapstala gått ned neste beitesesong. Det kan vere tilfeldig, men vi meiner dette viser at det er viktig å få regulert bestanden av jerv i dei områda det er store tap i beitesesongen. Det verkar som at jerven varierer individuelt i kor mykje skade den gjer. Derfor er det avgjerande for forvaltninga at vi får bruke dei verkemidla som skal til for å ta ut skadevolder i beiteperioden på ein målretta måte etterfylgjande vinter og i lisensfellingsperioden. Dette jobbar vi kontinuerleg med.

Når det gjeld gaupe har vi teke grep med å dele inn i soner etter geografiske tilhøve og fordelt jaktkvote utifrå skade i beitesesongen og registrerte ynglingar. Vi har også skjerma soner der jakta ikkje er så enkel slik at dei får jakta over litt lengre tidsrom før vi slår saman alle sonene til ei sone i slutten av jakta. Dette meiner nemnda også er rette grep for å sikre uttak der det er størst tap, men samtidig ta omsyn til at i dei områda som er beiteprioriterte må det også kunne takast ut dyr.

Vi prøver å balansere på bestandsmål for både jerv og gaupe. På jerv ligg vi over, medan for gaupe ligg vi så å seie akkurat på bestandmålet.

Derimot er nemnda bekymra for utviklinga av tapstala til ulv og bjørn, og da spesielt til ulv. I Oppland var det eit toppår med tap til freda rovvilt sommaren 2013, men tapa har gått jamnt nedover år for år til gaupe og jerv, men ikkje for dei to andre. Oppland, region 3, har ikkje eit forvaltningsansvar for ulv og bjørn, derfor er ikkje dette bra. Ulv er ei aukande og større utfordring sidan 2012, der toppåret for tap av sau til ulv var i 2017. I beitesesongen 2018 har vi hatt kontinuerleg skadefelling på ulv, men fekk heldigvis ikkje så store tapstal som i 2017 og som Rendalen i Hedmark fekk no i 2018. Det aukande omfanget av streifdyr og ulv som tydelegvis søkjer seg til ledige område for å etablere seg uroar oss. Derfor må det no takast grep i ulvesona for at dette ikkje skal utvikle seg.

Rovviltnemnda er opptekne av dialog med opplandssamfunnet og arrangerer derfor dialogmøte igjen i januar 2019 der vi inviterer breidt for å få fagleg påfyll, presentasjon av fakta og forsking, erfaringsutveksling og tankar om vegen vidare. Vi arrangerer kvart år regionmøter rundt i heile Oppland for å kartlegge utfordringar kvar enkelt region har opp mot beiteprioriterte og rovdyrprioriterte område.

I tillegg har vi jamnleg kontakt med andre rovviltnemnder i Norge og da spesielt dei vi har grenser til. Det er innspel og møter med Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og Matdepartementet. Alle møter i nemnda er opne og vi har alltid ein open post i starten av møtet der til dømes faglaga, Mattilsynet og SNO kan komme med innspel som er aktuelle. Det er mange som har interesse av rovviltforvaltninga og det kan vere krevjande å balansere ulike omsyn, men gjennom dialog og møtepunkt meiner vi at vi skal bli betre år for år.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags