Kvar går grensa for ulv?

Arkivbilde

Arkivbilde

Av
DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

Meninger 

Vi har eit departement og ei regjering som kjem med sine utspel rett før feriar i håp om at det dei kjem med av endringar skal gå over til ferien er over. I ulvesaka tok dei dugeleg feil. Men det verste er at dei ikkje evnar å rydde opp att! Med det endringsforslaget dei kjem med no for naturmangfoldslova uthular dei myndigheita til dei regionale rovviltnemndene og opnar for enda meir synsing og trenering. Det kjem skjønnsmessige ord og uttrykk som skapar uklarheit og konflikt og det er vi ikkje tente med og det svarar heller ikkje på oppdraget frå Stortinget med frist 10. mars.

Departementet svarar på høyringsinnspelet frå Oppland fylkeskommune om konflikt mellom ulv og villreinstamma. Departementet peiker på at det ikkje er overlapp mellom områda der vi har revirhevdande ulv og villreinområdet, at villreinområda ligg utanfor ulvesona og at ulven i dag nesten ikkje tek villrein. I dag er det slik, men om ikkje bestanden av ulv snarleg blir beskatta vil ulven fort kome til villreinen sitt rike. Det er vi veldig bekymra for!

Sidan departementet no foreslår at formuleringa frå Bernkonvensjonen «lite antall» skal inn i lovbestemminga, lurar Senterpartiet på kven som bestemmer kva eit «lite antall» er? Er det Stortinget gjennom bestandsmål? Er det Departementet etter skjønn? Er det dei regionale rovviltnemndene dersom bestandsmålet er nådd? Dette treng vi svar på. Dei endringane som departementet foreslår har skjønnsmessige ord og uttrykk og vil skape meir uklarheit og konflikt. Det vi treng i norsk ulveforvaltning no er forutsigbarheit og minst mogleg rom for skjønn.

At departementet svarar på oppdraget frå Stortinget med frist til 10. mars med å foreslå ei lovendring som gjer at konflikta kring ulveforvaltninga hardnar til, gjev ikkje tillit. Høyringsinnspela spriker og omkampar kjem på rekkje og rad. Vi har dei som ikkje vil ha begrensing på talet på ulvar og vi har dei som meiner at vi treng ei ulveforvaltning som distrikta kan leve med. Det er verdt å merke seg at ingen forlangar å utrydde ulven no.

Dersom det er reel fare for liv og helse er det skadefelling som gjeld. Dersom bestandsmåla er nådde må det vere lisensjakt som er reiskapen, slik det er for jerv og bjørn. Til større ulvebestanden veks seg, til mindre behov er det for å bekymre seg om overlevingsevna til ulven. Samtidig kan ein større ulvebestand gjeva større påkjenningar for lokalsamfunn og derfor behov for å kontrollere bestanden. Den smertegrensa er komen no og bestandsmålet satt av Stortinget er nådd.

No må Stortinget rydde opp etter regjeringa slik at vi får levelege forhold for dei som bur innanfor ulvesona og slik at vi ikkje får problematikken med ulv inn i område som ikkje skal ha ulv. Derfor må omkampane ta slutt og det som Stortingsfleirtalet har vedteke setjast ut i livet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags