Truverdig og truskyldig

Av
DEL

LeserbrevLuther sløkte skjerselden, er det sagt, og etter kvart fekk vi den franske revolusjon og opplysningstida, og eit FRIARE menneskesyn. I vår tid, då diktatorane hadde gjort ifrå seg i Europa etter andre verdenskrigen, då følte vi oss FRIARE i politikken også.

Då Europa skulle byggast oppatt, var innstillinga hjå mange at no måtte vi ordne oss slik at denne nasjonalsosialismen (NS) eller noko liknande terrorvelde ikkje kunne vekse fram. Så kom det, litt om senn, mange omfattande organisasjonar som tilsamen vart den Europeiske Union, EU. Då var ikkje eingong landegrensene så avgjerande, det vart FRIARE der og.

Mange meiner no at vi vart sløve av denne fridomen, at Europa «sovna ved rattet» og stelte oss opne for millionar muslimar, som nekta å halde seg til kontinentet sine liberale og sekulære lover. Denne filosofien om KVIFOR Europa sovna ved rattet er kanskje ein litt kunstig påstand. Og om nokon sovna ved rattet er vel også å ta i dugeleg. Men dette er ei forenkling. Virkelegheita er mykje meir komplisert. Når det her er tale om muslimar, så er det meint dei høgrøysta, dei vi høyrer frå. Mange uttalar seg med aggresjon og trugsmål. Sjølv om nokon kan bli både redde og sinte, skulle ein vente at når dei har fått hjelp til å berge livet skulle dei kunne «bite i seg» ein god del og ikkje tala med fiendskap til hjelparane, i alle fall. Og hjelparane har no i hovudsak vore FN med sine underorganisasjonar. Med pålegg og råd til dei enkelte mottakarland.

Er det noko som kan rettast eller betrast? Eller er det noko som vil «gå seg til»?
For dei fleste er no stillferdige og gode menneske.
Dei muslimar som er mest høgrøysta seier at dei ikkje vil selje sjela si for brød. Men det gjer no vel ikkje vi heller, korkje direkte eller i overført tyding av orda «brød» og «sjel».

Kva meiner du?

Per Lykkja


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags