Regjeringen ødelegger taxitilbudet i distriktene

Av
DEL

MeningerTaxinæringa i Valdres går til det uvanlege skrittet å protestere. Dei protesterer mot liberaliseringa av taxinæringa. Eit frislepp gjer det vanskelegare for dei som lever av å køyre taxi, men også særs usikkert for mange sårbare grupper i distrikta som er avhengige av ei profesjonell taxinæring. Resultatet av endringane vil gje oss overetablering i byane og vil medføre mangel på taxi i distrikta. Konsekvensane blir dårlegare kvalitet i byane og dårlegare beredskap og tilbod for oss her i distrikta. Erfaring frå andre land er at deregulering av marknaden ikkje fører til at prisane på taxi går ned når det blir ei overetablering. Det er lønna til sjåførane som går ned.
Regjeringa har elles allereie auka avgiftene for taxinæringa og dei foreslår no ei fordobling av momsen på persontransport.
Taxifolket seier sjølve at den såkalla einerettsmodellen som Regjeringa vil innføre for distriktskommunar er så dårleg at det er betre å avslutte køyring kl. 17 enn å teikne avtale. Dagens prinsipp om «Taxi overalt alltid» blir avvikla utan reell debatt om konsekvensane. Taxinæringa peikar vidare på faren for sosial dumping, svart økonomi, byråkrati, auka kostnader og at det kan ramme funksjonshemma med spesielle transportbehov.
For Senterpartiet er det viktig at sårbare grupper og vanlege folk skal ha ei stabil taxiteneste, samt at sjåførane har ryddige forhold som det går an å leve av. Liknande liberalisering i Sverige har diverre ført til omfattande juks, høgre prisar og dårlegare tenester for folk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags