Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Eg er særs bekymra for den gruppa dette gjeld. Barn og ungdom som så sårt treng hjelp, og familien deira. Eg har vorte kontakta av føresette som er fortvila over at det no er tenkt å kutte på antall plassar og som ikkje ser korleis ungdommane kan få hjelp på annan måte. Dette er spesialkompetanse som kommunane på ingen måte har, og som eg har vanskeleg for å sjå at dei kan tilby framover også.
Sjukehus Innlandet må kutte, det forstår vi, men samtidig har vi ei regjering som klart og tydeleg seier at dei satsar på psykiatri og som uttrykker at dei forstår at dette må det satsast på for å hjelpe fleire. Da kan det ikkje vere slik at Sjukehus Innlandet, for å få sine budsjett saman, kuttar på dette tilbodet, som i neste omgang sender utfordringane attende til kommunane og mest av alt til desse familiane som treng hjelp.
Dette går berre ikkje an! Det handlar om våre ungdommar som er i ei fase i livet der dei er utruleg sårbare og som skal bygge seg opp for å møte vaksenlivet. Får dei ikkje hjelp i denne fasa av livet, vil dette fylgje dei i åra som kjem.