Kva vert den språklege framtida i Valdres?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerMange nynorskelevar i Valdres byter til bokmål, og mange valdrisungdomar byter ut den lokale dialekta. Kva kan valdrisane gjera for å stogga dette?

Mykje ligg til rette for at dialektene og nynorsken skal ha gode tihøve i Valdres. Det er nynorskelevar i alle kommunane, det er mållag og nynorskvener i heile området som gjer godt arbeid, og store festivalar som Vinjerock brukar nynorsk. Likevel byttar mange nynorskelevar til bokmål når dei byrjar på ungdomsskulen, og enno fleire når dei startar på vidaregåande.

Sjølv om skulane og barnehagane i Valdres jamt over er flinke til å eksponere ungane for den lokale dialekta, er det mange som byter ut den lokale dialekta med eit bokmålsnært talemål. Særleg når ungdomen reiser ut av bygda er det mange som trur valdresdialekta ikkje er god nok. Trønderar, nordlendingar og vestlendingar veit at dialektene dei har med heimefrå er gode nok for omverda, kvifor trur mange frå Valdres at dei må byta til eit bokmålsnært talemål?

Mange opplever beint fram at det er enklare å skriva og snakka bokmål enn å skriva nynorsk og snakka den lokale dialekta. Slik skal det ikkje vera i Valdres.

Folk i Valdres har eit val: Dei kan velja å ikkje gjera noko, og sjå på at nynorsken vert svakare og at dialektene døyr. Eller dei kan velja å sjølve taka styringa over den språklege framtida til Valdres, slik at det vert lettare å vera nynorskbrukar og at dialektene har ei framtid.

Norsk Målungdom arbeider for fleire skal velja nynorsk, å styrkja dialektene og det språklege mangfadet. Me har tre råd til dei som vil nynorsken og dialektene vel:

1. Alle kommunane i Valdres må vedta språkbruksplaner. Desse planene må sikra at skulane tek vare på nynorskelevane, sikra at kommunen brukar nynorsk og at nynorsken vert eit synleg språk i heile området. Det skal vera like lett å vera nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Valdres.

2. Snakk om språk. Kvifor legg mange valdrisar vekk den lokale dialekta når dei reiser frå Valdres? Kvifor er det slik at nesten alle fyrsteklassingar i Fagernes byrjar med bokmål, medan ungane i Vang har nynorsk?

3. Engasjer deg i Norsk Målungdom eller Noregs Mållag. Me som enkeltpersonar har ei forplikting til å engasjera oss i samfunnet me er ein del av. For bokmålet kjem ikkje av seg sjølv. Me kan styrkja nynorsken og dialektene om me tek tak.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags