Språk må med i avtalen mellom Hedmark og Oppland

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Meninger 

Når fellesnemnda i Hedmark og Oppland set ned retningslinjer for det nye, store fylket, må dei ikkje gløyme at dei også må ta omsyn til språk. Fellesnemnda må gjere vedtak om språkbruk som gjer at både bokmål og nynorsk blir godt representerte.

I Oppland er det to område med ein levande, lang og tung nynorsktradisjon: Valdres og Nord-Gudbrandsdalen. Det nye fylket vil altså ha innanfor grensene sine to område med mykje nynorskbruk, men òg der det i delar av området er eit sterkt press på nynorsk, særleg i dei fylkeskommunale vidaregåande skulane. Ein språknøytral region utan nokre krav til språkbruk blir fort ein rein bokmålsregion. Når Oppland med lange nynorsktradisjonar blir slått saman med Hedmark, som ikkje har ein einaste nynorsk skulekrins, vil tyngda av bokmålsbrukarar bli større. Dette vil auke presset mot nynorskbrukarane. Fylket har eit ansvar for å ta vare på den nynorsktradisjonen som finst i Valdres og i Nord-Gudbrandsdalen særskilt, men også for å legge til rette slik at det blir lett å vere nynorskbrukar alle stader i fylket.

Det skal ikkje vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i «Innlandet» (om det er det som blir fylkesnamnet), verken som brukar av tenester, som tilsett eller som elev i vidaregåande skule. Vi er glade for at Gunnar Tore Stenseng frå Oppland Arbeidarparti tok opp dette alt på det første samanslåingsmøtet 17. januar og sa at begge målformer måtte vere synlege og med i ein strategi. Det handlar om identitet for veldig mange, sa han. For vår del vil vi få legge til at synleg bruk av nynorsk skriftmål i det nye fylket òg blir eit viktig ryggstø for dialektane som jo er svært utsette mange stader. Stortingsmeldinga «Mål og meining» i 2008 slo fast at i alle offentlege tiltak skal ein ta omsyn til dei behova som nynorskbrukarane har. Denne haldninga går igjen i Jeløy-plattforma frå den nye regjeringa: «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.»

I samanslåingsprosessen vi no har framfor oss må fylkespolitikarane våre vise at dei har skjønt desse føringane. Enkelt sagt må det bli like lett og sjølvsagt å skrive nynorsk som bokmål i det nye, store fylket.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags