Helsefagarbeidarutdanning og mogleigheit for arbeid

Av
DEL

MeningerStadig høyrer og les vi om at det trengs fleire helsefagarbeidarar. Det er stort sett unge jenter som tek til på denne utdanninga og mange av dei tek fagbrevet. Men, kva skjer når dei skal søkje arbeid. Mange av dei får ikkje fast arbeid, eller kanskje i beste fall kun ein låg stillingsprosent på maksimum 20? Derfor vert kvardagen usikker, dei står på vikarlister, men vi veit og at no har det vorte avdekka ein del bruk av bemanningsbyrå som underbetaler. Mange av desse jentene, for det er flest av dei som tek denne utdanninga, søkjer vidare på skule for å få meir utdanning eller dei tek anna arbeid. Er ikkje dette å lure dei når dei som 15-16 åringar skal ta fatt på ei utdanning? På sjuke- og aldersheimar er det ofte travle arbeidsdagar med låg grunnbemanning. I staden for å bruke pengar på å nytte bemanningsbyrå har det kanskje vore betre å ha fleire heiltidsstillingar for å ha ei betre grunnbemanning. Då vert det ikkje så sårbart, og dersom arbeidsbyrda ikkje vert så tung vil sjukefråveret gå ned. Dette kan vere ein betre måte å spare på, samstundes som trivselen vert betre både for ansatte og pasientar/ brukarar.

Slik det er no, er det å lure ungdomane når ein ber dei utdanne seg til eit yrke dei ikkje kan leve av. Det er ingen som kan leve av ei kvart stilling. Det er ei kjensgjerning at det er flest jenter. Vil ein bilverkstad f.eks. tilby ein fagarbeidar same stillingsprosenten? Der er det flest gutar/ menn. Her må det ryddast opp slik at det vert attraktivt å gå inn i omsorgsyrke for det er eit skrikande behov, det er det ingen tvil om. Vi ynskjer heller ikkje meir fattigdom, derfor er dette eit viktig bidrag for å bekjempe det.

Anne-Brit Bismo

Kvinnepolitisk utval, Oppland SV

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags