Tryggheit og beredskap i heile landet

Bergljot Oldre

Bergljot Oldre

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. 

Senterpartiet jobbar for at alle landet sine innbyggjarar uansett kvar dei bur skal ha tryggheit i kvardagen. Alle skal raskt få hjelp når dei har behov for det. Enten det er politi, legehjelp, brannvesen, forsvar eller mat, så skal ikkje hjelpa vere langt unna. Dette er ei grunnleggjande rettigheit som Noreg sine innbyggjarar har.

Regjeringa har satt i gang ein politireform som sentraliserar politiet. Regjeringa kallar det ein nærpolitireform, men i realiteten er det ein reform som fjernar politifolk fra der folk bor – nemleg spredt over heile landet.

No er det berre regjeringa sjølv som har trua på sin reform. I ei undersøking gjennomført av Politiforum blant 6000 politifolk, er konklusjonen at regjeringa sin reform ikkje vil føre til at politiet kjem raskare fram eller nærare publikum. Senterpartiet meiner at dei tilsette i politiet må få større medbestemmelse i gjennomføringa av reformen. Det er også viktig at den enkelte kommune si meining om å behalde lensmannskontoret blir vektlagt.

Senterpartiet sitt mål for forsvars- og sikkerhetspolitikken er å sikre norsk suverenitet – over heile landet. Noreg har ei viktig geografisk plassering og ein kyst rik på naturressursar, derfor er eit sterkt nasjonalt forsvar heilt avgjerande for landets sikkerheit. Vi må ha ein beredskap som kan sikre alle delar av norsk territorium. Store og tunge investeringer i kampfly som Stortinget har beslutta, vil føre til at ein får ei forskyvning i balansen mellom forsvarsgreinene og vil binde forsvarsbudsjetta i lang tid framover. Senterpartiet meiner vi må unngå at investeringane i kampfly går på bekostning av land – og sjøforsvar, for å unngå det må overføringane til forsvaret aukast.

Senterpartiet er den fremste forkjemperen for eit sterkt Heimevern (HV). I VG 7.3.2017 blir det slått alarm om manglande samanheng mellom lovpålagte oppgaver, og talet på soldater som skal utføre dei. Vakt og sikring av viktige bygg og institusjoner er HV sin hovedoppgave i ein krigssituasjon, derfor medfører regjeringen sine kutt i HV ein stor risiko for samfunnsberedskapen.

Senterpartiet meniner at norsk matproduksjon er ein viktig del av landet sin beredskap. I Noreg blir tilgang til nok og trygg mat sett på som ei sjølvfølgje, sjølv om vi veit at uforutsigbarheten i global matproduksjon aukar. Klimaendringane vil bidra til enda meir uforutsigbarhet i framtida. I ein situasjon der matsikkerheita til eit land er truga, vil eit kvart land måtte sikre mat til eigen befolkning. Senterpartiet ynskjer å auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar, dette vil gi landet sine innbyggjarar auka trygghet i ei meir usikker verd.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags