Fotosyntesen og klimaet

MISFORHOLD: – Det må vere lønnsamt å bruke det grøne karbonet framfor det svarte, skriver artikkelforfatterne.

MISFORHOLD: – Det må vere lønnsamt å bruke det grøne karbonet framfor det svarte, skriver artikkelforfatterne. Foto:

Av
DEL

MeningerFotosyntesen er opphavet for alt liv og er den viktigaste kjemiske reaksjonen vi har på jorda. Denne «teknologien» gjer at plantane brukar karbondioksid (Co2) som drivstoff og slepp ut att oksygen (O2). Alle levande organismar er avhengige av å ete planter, eller dyr som lever av planter. Så enkelt og så vanskeleg. Dette burde jo gått sin gang?

Klimaendringane har kome etter at vi byrja med det svarte karbonet, olje,gass og kull, og ikkje gjennom kufis og det vi dyrkar på jorda og haustar i skogen og havet. Det grøne karbonet som vi haustar er ein del av det opprinnelege kretslaupet og gjer at du og eg har mat på bordet. Dersom vi kutta ut å hogge i skogen, beite graset, treske kornet eller tilføre jorda gjødsel og vann, ville det bli skralt med mat å leve av.

Det vi fint kan kutte og likevel kunne leve like godt, er til dømes flyreiser, kjøpe nye klede, skifte ut kjøkeninnreiinga, plastemballasje på matvarer og transport av råstoff og varer verda rundt før vi foredlar dei og et dei.

Forvaltartankegangen står sterkt i Senterpartiet. Du skal levere over til neste generasjon sjø, jord, luft og land i ein betre tilstand. I samfunnet i dag er det stort fokus på vekst og lite på balanse, sjølv om bærekraft er eit av dei mest brukte ord i vår tid. Vår filosofi er at vekst ikkje er å forbruke meir, men å forvalte betre. Det er bærekraftig. På den måten må vi også jobbe og tenkje for å snu den klimautviklinga som er på gang.

Det held ikkje å berre kutte utslepp, men vi må også auke opptaket av karbon. Da treng vi ein aktiv næringspolitikk som gjer at vi får norsk verdiskaping på norske ressursar. Det må vere lønnsamt å bruke det grøne karbonet framfor det svarte. Vi må fase ut oljeøkonomien og få på plass ein bioøkonomi som brukar fotosynten slik ho skal brukast. All omstilling krev styring og regulering, ikkje næringsnøytralitet og einsidig privatisering. Vi treng tverrsektoriell og heilheitleg samfunnsplanlegging og ikkje kortsiktig profitt. Det må satsast både på kunnskap, forsking og praktiske løysingar for å få ned utsleppa eller fange det karbonet som er overflødig. Samtidig skal ikkje dette skape sosiale eller geografiske ulikheiter.

Senterungdommen var ein pådrivar for ein resolusjon om klima på landsmøtet til SP i helga. I Oppland har Senterpartiet vore tett på i utarbeiding og oppfylging av bioøkonomistrategien og Oppland fylkeskommune har no klimaregnskap under utvikling og vi har sikra ei grøn satsing i Oppland. Men ingen ting gjer seg av seg sjølv og det tek lang tid å få fart på denne omstillinga.

Likevel; vi har trua på framtida! Vi er teknologioptimistar! Når vi ser det engasjementet som ungdomar no verda over viser for klimaet, har vi god grunn til det. Spørsmålet er jo ikkje om vi treng ein kraftfull klimapolitikk, men kva klimapolitikk som verkar best. Senterpartiet er tydelege på at vi gjennom vår klimapolitikk vil ha ei omstilling for å styrke produksjonen i fastlands-Norge, skape grøn vekst og mange arbeidsplassar i heile Norge basert på våre naturressursar. Vi må få utsleppsfri transport, matproduksjon basert på norske ressursar og næringsutvikling som gjev grunnlag for å leve det gode liv i heile landet.

Vi elskar fotosyntesen og det du elskar steller du med.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags