Senterpartiet vil ta grep for ei utvikling i heile Innlandet

Av
DEL

LeserbrevSenterpartiet ser allereie no at regionreforma fører til sentralisering, både innan det offentlege, det private næringslivet og innanfor organisasjonslivet.

Sentraliseringa gjer ikkje at det blir produsert ein time meir undervisning på den vidaregåande skulen, eller at det blir bygd ein meter meir med fylkesveg, eller at dekningsgraden for breiband nødvendigvis blir bedre. Sentraliseringa gjer heller ikkje at vi i større grad kan støtte ein gründer til å starte opp med innovativ produksjon som vil skape bærekraftige arbeidsplassar om det er i Grue, på Kongsvinger, i Snertingdal eller på Dovre, om vi ikkje gjer dei rette grepa.

Da samanslåinga av Hedmark og Oppland var eit faktum sa Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner at det var opp til det nye fylket korleis fylket vart organisert og at ein skulle tenkje balansert utvikling. Regjeringa var tydelege på at fylket skulle få ei større rolle som samfunnsutviklar og det skulle komme fleire oppgåver. Det vi ser i dag er at fylket er pressa økonomisk og det har ikkje kome stort med nye oppgåver.

SP meiner at vi må tenkje oss om og bruke pengane på dei oppgåvene vi skal løyse. Derfor fremma SP forslag om at fylkeskommuna skulle nytte dei areala fylkeskommuna har på Hamar og Lillehammer utan ombygging og større rehabilitering og vidareføre dagens lokalisering av tilsette med bakgrunn i dei økonomiske rammane fylkeskommunen har fått i denne økonomiplanperioda. Administrativ og politisk leiing i Innlandet fylkeskommune skulle samlast i fylkeshuset på Hamar. Dette ville vi evaluere innan utgangen av 2021.

Vi må sikre å halde på den kompetansen vi har frå begge fylka. Å bygge ein ny organisasjon er ikkje avhengig av kvar vi sit og jobbar, men korleis vi jobbar, og samlokaliseringa gjer at mange må pendle både 1-2 timar ein veg kvar dag. Vi treng å jobbe meir på tvers av sektorar enn å ha fokus på å samle i store faglege einingar. Ved å ikkje samlokalisere vil den nye fylkeskommunen sleppe å betale ut omstillingsmidlar til dei tilsette som kompensasjon for å pendle i størrelsesorden ca 20 millioner i løpet av fem år. Det minskar også presset for å bruke fleire hundre millionar på rehabilitering for nye kontorløysingar. Pengar som vil komme godt med for å bygge Innlandet.

Vi blir eit fylke større enn Danmark og det blir utfordrande. Vi ser også at regjeringa fortset å sentralisere tunge offentlege oppgåver og institusjonar og dette meiner SP er feil med tanke på ei balansert utvikling. Vi ynskjer ei samfunnsutvikling som er basert på tenester nær folk og tett kontakt mellom dei ulike nivåa i offentleg forvaltning og eit nært samspel med det private næringslivet.

Nå skal ei ny fylkeskommune organiserast og noko at dei største utfordringane Hedmark og Oppland har i dag er demografiutviklinga og at større kommunar i sentrale område aukar i folketal på bekostning av distrikta rundt. Derfor meiner SP at vi som fylkeskommune må gå grundig gjennom korleis vi skal bygge den nye fylkeskommunen og sjå kva vi kan desentralisere for å motvirke den utviklinga vi ser. Vi må nytte moglegheitene som ligg i å ta i bruk nye teknologiske løysingar for å skape fleksibilitet, effektivitet og for å kunne vere tilstades i heile fylket.

Fylkeskommunen har kompetanse og oversikt som må komme heile Innlandet til gode og det er viktig at fylkeskommunen er ute og får kunnskap til kva som spirer og gror av initiativ og aktivitet i heile fylket i stort og smått. Vi treng gode vidaregåande skular som gjev tilbod ute i regionane som bygger opp under det behovet dei har for arbeidskraft. Vi treng eit apparat som kan styrke næringslivet i heile fylket. Vi har 7000 km med fylkesvegar og skal vi halde desse ved like og drifte dei, må vi vere til stades der vegane er. Kollektivtrafikken er også ei utfordring vi må ta tak i i eit nytt fylke.

Vi meiner at Innlandet fylkeskommune alltid må stille seg spørsmålet om dei arbeidsplassane vi har kan ligge desentralisert. Vi meiner at om vi ikkje snur sentraliseringa av offentlege arbeidsplassar vil dette svekke Hedmark og Oppland på lang sikt. Det er arbeidsplassar, kunnskap og kompetanse og eit heilheitleg tenestetilbod som gjer at folk vil busette seg der dei ynskjer.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags