Bruer bind Noreg saman

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Difor burde det vere ein sjølvfølge å sørge for at dei er trygge og gode. Derimot har VG gjennom fleire saker avdekka omfattande brot på regelverket som skal sørge for at dei mange tusen bruene rundt omkring i landet er trygge å køyre på. Seinest forrige veke fortalte avisa at Statens Vegvesen har registrert feil dato for når fleire hundre bruer har vorte kontrollert. Dette er alvorleg for tryggleiken til alle dei som ferdes langs vegane våre. Senterpartiet forventar difor at samferdselsministeren tek ansvar og ryddar opp.

Det er rundt 17 000 riks- og fylkesvegbruer her i Noreg. Frå Finnmark i nord, til Hardanger i vest, over Mjøsa i aust til Kristiansand i sør bind dei saman byar og bygder. Dei gjer at folk kjem seg fra A til B, enten det er snakk om den 1310 meter lange Hardangerbrua– eller den 3,55 meter lange Mjåvatn bru i Vinje i Telemark. Som VG gjennom fleire saker har avdekka, seier Vegvesenet sine eigne rapportar at tilstanden til mange av desse bruene er rekna som kritiske. Medan andre bruer ikkje har vorte kontrollert slik regelverket tilseier. Når Vegvesenet i tillegg har loggført feil datoar for når inspeksjonen av fleire hundre datoar har vorte gjennomført, tyder det på at ein ikkje har kontroll over viktige brusamband rundt omkring i landet.

Det er fyrst og fremt alvorleg for dei vegfarande. I verste fall er det deira liv og helse det står om. Å passe på trafikktryggleiken skal difor ha høgste prioritet. For å få til det, treng vi som er politikarar å få god og riktig informasjon over kor skoen trykker. Då er det alvorleg at oversikta over tilstanden til dei mange tusen bruene her i landet er så mangelfull. Statsråden må difor sørge for at dette blir tatt tak i så fort som mogleg. Senterpartiet meiner det må settast av ekstra midler for å ta att vedlikehaldsetterslepet på bruene. På den måten kan vi bygge ut og sikre vegforbindelser rundt omkring i heile landet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken