Ut med ulven

Av
DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Meninger 

Den siste tida har ulv herja i vårt område. Så langt ligg det att om lag tre hundre dyr. Mange har truleg hatt ein pinsam og langsam daude. Dette e r ei stor dyretragedie! Mange må nå la sauen gå heime og eta opp vinterforet og andre er i ferd med å gje opp . Sauebøndene på Hadland og Toten har i år fått føle korleis yrkesbrørne på andre sida av Glomma har hatt det i mange år.

Men i motsetnad til dei, har Stortinget vedteke at ulv ikkje skal vera her. Regjeringa har ikkje klart å handeheve Stortinget sitt vedtak. Dette er ei politisk skandale av stort omfang!!

Vi er mange som er og har vori stolte av distrikt og busetnadspolitikken her i landet. Han har vori framtidsretta og gitt levande bygder og opne landskap.

Han har gitt grunnlag for ein landbrukspolitikk som har ti i bruk det store potensialet som - mellom anna, ligg i fjell og utmark.

Rovdyrpolitikken her i landet må opp til ny drøfting. Produksjonen av stuttkjørt og rein lokal mat må visast respekt og få ei mye høgare politisk prioritering! Det minste regjeringa nå kan gjera er å gje full økonomisk kompensasjon for dei tapa sauebøndene på Hadeland og Toten har lidd!! Ikkje eit år til med slike tilstandar på åsen! Til neste år må ulven takast ut før snøen er borte!!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags