Rovviltforvaltning er ikkje statisk

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Meninger 

9. januar 2018 var rovviltnemndene invitert til det årlege dialogmøtet med Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det blir som ei oppsummering av året som har gått og det blir peikt på utfordringar framover og eventuelle nye tiltak eller høyringar.

Frå region 3, Oppland, si side, vart det peikt på spesielt to utfordringar vi har hatt og har i vår region; ulveangrepa over lang tid i sommar på Hadeland og Toten og lisensfelling av jerv som går føre seg no utan resultat.

Den store belastninga som alle involverte i ulveangrepa i sommar har hatt kan ikkje kjøpast ut for pengar. Likevel er det bra at kompensasjonen for tap av inntekt og erstatning for tap no er betalt ut til dei det gjeld. Det er utbetalt kr 13,8 millionar som kompensasjon for utsatt beiteslepp og diverse utgifter og kr 2,3 millionar til erstatning for direkte tap av sau. Vi presiserte at dette må sjåast på som eit eingongstilfelle og må på alle måtar førebyggast for beitesesongane som kjem. Derfor er det bra at det no blir satt i gang jakt på ulv for å regulere bestanden og vi får håpe at vi slepp slike angrep av ulv på same måten vidare framover. Dersom dette kjem år for år vil det få dramatiske konsekvensar for beitenæringa og kanskje også for villreinen vår om ulven kjem til deira område.

Klima- og miljøministeren påpeikte nok ein gong på dialogmøtet at ein må legge til rette for planlagt tidlegsanking for å dempe konfliktnivået mellom rovdyr og beitedyr og for å førebygge tap. Dette er ikkje rovviltnemnda einige i er den beste løysinga. Beiteretten skal ikkje fråvikast. Derimot er akutt nedsanking eit tiltak som må kunne brukast dersom det i beitesesong viser seg at det er store rovdyrskadar i eit beiteområde.

Vi er no midt inne i lisensfellingsperioden for jerv og så langt er det berre ein jerv av ei kvote på tolv som er felt. Dette bekymrar både beitenæringa og rovviltnemnda. Lisensfellingsperioden er fram til 15. februar. Sjølv om det erfaringsmessig er i siste del av fellingsperioden jerven blir teken, kan vi ikkje vere sikre på at det skjer.

Rovviltnemnda meiner at skal ein sikre den tosidige målsettinga, må ein også sikre at beitenæringa får nytta sine beiteområde. Det er nesten umogleg med skadefelling om sommaren. Derfor må ein vurdere å setje inn målretta skadefelling med dei hjelpemidla ein kan om vinteren i dei områda tapa har vore store også før lisensfellingsperioden er over. Her må ein sjå på nye måtar å løyse dette på. Det kan til dømes vere eit tettare samarbeid med SNO og bruk av scooter for å komme lenger inn i fjellet eller bruk av hund for å spore opp jerven. Ordinær lisensfelling kan dekkje resten av regionen med normaltap så langt det går. Ved å gå inn med målretta tiltak kan ein også kanskje unngå hiuttak om våren, som er eit veldig kontroversielt tiltak.

Rovviltforvaltninga er på ingen måte statisk og vi må heile tida vere opne for å tenkje nye og betre måtar å løyse utfordringane våre på. Det må visast politisk vilje til å lempe på forskrifter og reglar og sjå på nye lovformuleringar for å få eit smidigare og meir effektivt forvaltningsrom, slik at ein i område med store tap i beitesesongen kan gå inn med målretta uttak om vinteren med sporsnø. Dette for å sikre den tosidige målsettinga, nå bestandsmåla og dempe konfliktnivået og belastningane som fylgjer med store tap til rovdyr.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags