42 dagar med ulvesommar

Arkivbilde

Arkivbilde

Av
DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisa og alt innhold på nett

Meninger 

Det var den tida det tok før det kommunale jaktlaget på Hadeland lykkast med å ta ut ulven som hadde herja i saueflokkane og dei djupe skogane heile sommaren.

Dette viser kor ekstremt vanskeleg det er å ta ut ulv på barmark. Det er som natt og dag i forhold til å jakte på sporsnø. Dette viser også at når det er fullt i ulvesona kjem også ulvetispene ut for å etablere seg. Tidlegare har det vore mest streifulv som har gjort skade, men det som utspelte seg på Hadeland er eg redd vil skje att dersom ikkje Vidar Helgesen og departementet godkjenner ei regulering av ulvestamma i Norge for vinteren 2017/2018.

Rovviltnemndene innanfor ulvesona, region 4 og 5, gjorde godt begrunna vedtak om kvote og fellingsområde for ulv både innanfor og utanfor ulvesona den 26. juni 2017. Det kom inn klager og nemndene behandla dei no den 23. august. Dei kunne ikkje sjå at det har kome fram nye moment som endra det rettslege eller faktiske grunnlaget for rovviltnemndane sine vedtak. Derfor tok dei ikkje klaga til fylgje. Nå er klaga sendt over til Klima- og Miljødepartementet for endeleg avgjersle.

Nå er det opp til Vidar Helgesen og hans folk i departementet kva som vil skje vidare! Kor lenge må vi vente på svar? Vil vi få ei regulering av ulvebestanden vinteren som kjem? Om det blir regulering, kor stor? Vi kan ikkje leve med ei ny runde lik den vi fekk som resultat av avslaget på felling av ulv den 21. desember 2016!

Rovviltnemnda i Oppland sende i dag, 24. august, ein invitasjon til både Klima- og Miljødepartementet og Landbruks- og Matdepartementet til eit møte innan 1. februar 2018 for å evaluere det som hende sommaren 2017 og for å stikke ut vegen vidare for beitenæringa og rovviltforvaltninga. Departementa må sjå på miljøforvaltning, landbruksforvaltning og utmarksforvaltning i samanheng! Det er viktig å sette på sakskartet og gjere øvste leiar for begge departementa kjende med dei utfordringane og moglegheitane opplandssamfunnet har i forholdet mellom rovdyr og beitedyr. Vi ynskjer møtet etter valet, for å møte dei som skal ta ansvar for dette dei neste fire åra.

Vi ynskjer å utfordre dei på det tosidige målet i forvaltninga, få kontroll over ulvestamma, sikre ei forvaltning etter bestandsmåla og ikkje minst sikre beiteretten. Oppland er eit stort beitefylke og det er avgjerande for næringsliv og busetjing at dette ikkje blir rasert. Vi ynskjer å utfordre på om virkemidla for å få gjennomført dei tiltaka som trengs på skadefelling og lisensfellinga er gode nok og om tiltaka er raske nok og effektive nok ved akutte situasjonar. Vi stiller spørsmål kring økonomien i rovviltforvaltninga. Det er ei kostnadsside i det som har skjedd på Hadeland utan sidestykke. Kven skal til sjuande og sist betale denne prisen?

Den utviklinga vi ser i forhold til ulv må stoppast før det raserer beitenæringa i Oppland. Denne sommaren starta det i Midt-Gudbrandsdalen der ulven tok over 30 sau berre på ei natt. På Hadeland er det no dokumentert snart over 300 sau teke av ulv. Dette kan ikkje opplandssamfunnet leve med, derfor må rovviltnemndene få støtte for sine vurderingar som er basert på kunnskap og lokal kjennskap. Vi har ei samfunnsansvar i forvaltninga vår med eit mål om beitebruk og rovvilt i balanse og det må aldri gløymast! 42 dagar og netter med ulven i saueflokken på Hadeland gjev både økonomiske og personlege utfordringar for dei som er ramma. Faglaga for beitenæringa sende brev den 16. august til Helgesen og Dale og ber om klart svar på erstatning og kompensasjon for ein totalt mislykka beitesesong med frist til 1. september.

Tida går fort til jakta startar utanfor ulvesona, 1. oktober. Enda fortare går tida til Stortingsvalet, 11. september. Kan vi forvente eit svar frå Vidar Helgesen (H) og Jon Georg Dale (Frp) før valet?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags