Full støtte til ETAC-tilsette

Av
DEL

LeserbrevBedrifta ETAC varsla før påske nedlegging av produksjonen i Gjøvik og flytting til Polen. Dette vil ramme dei tilsette og Gjøvik hardt. Dei tilsette vert oppsagd og «overlatt» til NAV som alt er inne i prosessen. Dette skjer sjølv om bedrifta går med overskott og dei tilsette har kome med fleire forslag på tiltak for å forbetre produksjonen. Desse forslaga vil leiinga bruke i produksjonen i Polen der dei er i gang med å bygge ny fabrikk. Mange av dei tilsette har lang fartstid i bedrifta og har sin kompetanse knytta til produksjonen der og vil ha problem med å finne nytt arbeid, Dette er altså takka etter «lang og tru tjeneste».

Det er diverre slik det økonomiske systemet vi lever under – kapitalismen – fungerer. Her er det ikkje nok at det går bra og med fortjeneste, det er kun maksimal bedriftsøkonomisk fortjeneste som gjeld. Konsekvensane for dei tilsette og lokalsamfunnet får NAV og andre «ta seg av».

Ei medverkande årsak til at bedrifta får «problem» er at fleire av produkta vert levert til offentlege bedrifter som no legg opp til anbud der pris er avgjerande. For å hevde seg i denne konkurransen vert det billegare å produsere i Polen der lønningane er lågare. Men lønningane der er heldigvis på veg oppover så kanskje dei må flytte vidare om ein del år? Flytting av produksjon ut av Norge vert konsekvensen av det offentlege sin anbuds-politikk.

Vi i Raudt vil uttrykke vår fulle støtte til dei ETAC tilsette og vise at at vi ikkje godtek nedlegging og oppseiingar på eit så svakt grunnlag. Vi utfordrar med dette andre til også vise at slikt kan vi ikkje godta. Bedrifta fortjener ikkje at «dette går sin gang» utan at fleir protesterar, Det kan også gjere det lettare for andre bedrifter å prøve seg.

Raudt meiner at vi må sjå dette i ein større samaheng. Parameter som kvalitet (som er avhengig av dei tilsette sin kompetanse), leveringsikkerheit osv må sterkare inn i biletet. Dette bør og bedrifter i offentleg/statleg regi forstå og ikkje minst politikarane som skal sjå dette i ein samfunnsmessig samanheng. Vi i Raudt ønsker oss eit samfunn som bygger på andre verdiar enn maksimal fortjeneste for kapitalistane og håpar at stadig fleire støttar oss i dette og saman med oss vil vere med å jobbe fram eit slikt samfunn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags