Gå til sidens hovedinnhold

Rette ryggen eller bøye nakken?

Artikkelen er over 2 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Fylkesordførar i Oppland, Even Alexander Hagen, hadde kronikk i media om regionreform. Han prøvde å forklare kvifor han og Oppland Arbeiderparti stemte mot reforma i fylkestinget, men nå er særs positiv til det dei eigentleg stemte mot.

Denne forklaringa er etter mitt syn like holete som ei helsetrøye.

Han forklara heilomvendinga med tiltru til ei oppgåvemelding som Erna og co varsla behandling på i Stortinget den 19. oktober. Even Alexander Hagen ville rette ryggen og jobbe for reforma i denne trua skreiv han. Han gir også politisk refs til dei som ikkje no vil underkaste seg regjeringa Solberg sin maktbruk mot fleirtalet i Oppland fylkesting. I oppgåvemeldinga har eit utval skissert oppgåver som kan leggast til fylkeskommunane. Vi kjem i hug det same lokkemiddelet vart brukt då kommunane skulle slåast i hop.

Det var varsla oppgåver som fylte mange A4 ark som skulle koma kommunane til gode. Realiteten vart ei oppgåve; kommunane skulle overta borgarlege vigslar. Mange ser vel ein parallell til oppgåvefordelinga som no er varsla frå stat til fylkeskommune, med det som vart lova kommunane.

Kva meiner eigentleg Ap og fylkesordførar Hagen dersom ikkje meldinga får tilslutning i Stortinget og oppgåvene som er varsla ikkje kjem. Er han då framleis like positiv til det han eigentleg stemte mot? Og kva har dette med regionreforma å gjera? Oppgåvene kan då overførast sjølv om vi held fast på Oppland og Hedmark som eigne fylker!

Fylker så store og tungrodde som eit lasteskip, er i emning med tvang. Kostnadane med reforma er også store. Kva Oppland Arbeidarparti no plutseleg vil få ut av dette storfylke, er meg ei gåte. Kanskje ein fylkesordførarpost? eller kanskje ikkje. Ein styrka situasjon for byane våre, Gjøvik og Lillehammer? Nei heller ikkje det er tilfelle, dei står ribba tilbake! Ein betre situasjon for distrikta våre? Nei vertfall ikkje det! 

Ein reform må ha ein hensikt og ikkje fortone seg som eit lite gjennomtenkt politisk kompromiss som no er tilfelle. 

Ser også det blir hevda det er for seint å snu. Å snu kan ein enno gjera, det er ikkje for seint! Midlane vi har brukt på dette fram til no blir vekslepengar mot den pengebruken vi må bruke etter 2020, for å rigge eit så stort fylke. Senterpartiet har alt varsla at dei vil ha ny behandling i Stortinget av den geografiske rariteten som er kalla Viken, det same med maktbruken mot Troms og Finnmark.

Oppland Senterparti ser heller ikkje at eit så stort og tungrodd fylke som Innlandet vil gagne oss, og vil oppmode stortingsgruppa vår om å fremme forslag om oppheving av tvangssamanslåinga av Innlandet også. Kva vil Oppland Arbeiderparti oppmode sitt sentralledd til å gjera? Segle med vinden, eller stå for det dei eigentleg meinte og støtte Senterpartiet i eit forsøk på omgjering av vedtaket?

Å jobbe for noko ein er imot, er ikkje å rette ryggen, det er å bøye nakken.

Kommentarer til denne saken