Gå til sidens hovedinnhold

Politikk eller lotto?

Artikkelen er over 4 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stortingsvalet er over og forklaringar og bortforklaringar har det vore mange av. Fyljande sitat er henta frå ei forklaring, og med mine kommentarar: «Solberg-regjeringa har meistra lågare oljepris og ein vanskeleg flyktningsituasjon på ein slik måte at dei får fornya tillit. Jonas Gahr Støre har «tilbode» auka skattar som om det skal vera løysinga på problema, utan at det var lett å få auga på store bekymringar for kva det har å seia for privat drivkraft og investeringslyst når me no skal omstilla oss etter oljealderen.»

Kva er fasiten etter fire år med Erna i høve «privat drivkraft og investeringslyst»? Har det vore vekst i privat sektor? Nei, men Staten har brukt pengar som «fulle sjømenn». Det har resultert i at dei partia som snakkar mest om kor viktig det er å få vekst i privat sektor, dei har gjort Staten mykje viktigare for økonomien enn han har vore på svært lenge. Under 8 år med raudgrøn regjering var statsbudsjettet i snittet 33 % av BNP, inkludert handtering av finanskrisa. Etterpå viser tal frå SSB at det har auka år for år og var i 2016 over 40 %. Det betyr altså at Erna og Siv har ført oss i ein planøkonomisk retning, der større og større del av den økonomiske aktiviteten er styrt av politiske vedtak. Held dei fram slik, så stel dei snart veljarar frå partiet Raudt.

Skribenten viser også til at Solberg-regjeringa har handtert «ein vanskeleg flyktningsituasjon». Men, var det ikkje eit breitt flyktningeforlik i Stortinget, der Høgre og Ap sto på same side? Kvifor var det heile tida Jonas og ikkje Erna som måtte stillas opp mot Frp? Har journalistane gjort jobben sin med å få fram at her går det eit skilje rett gjennom regjeringa? Nei, derfor er analyse feil. Dessutan har vel stengde grenser lenger sør vore medverkande.

Både Erna og Siv hevda i valkampen at dei fekk inn meir skatt, på trass av sin skattelettepolitikken. Dette fekk eg først ikkje til å stemma, og stilte m.a. spørsmål her i OA utan å få svar. Men då eg fekk tenkt meg om så er dette innlysande. Statsbudsjettet for 2017 er kr 236 milliardar større en Stoltenberg sitt siste. Når ein tilfører økonomien 236 milliardar kr så er det nokon som tener desse pengane, og må betale 25 % inntektsskatt. Og i neste runde når inntekta blir brukt på varer og tenester, så skal det betalast 25 % mva. Desse to skattane utgjer til saman 40 %, og av 236 milliardar blir det over 94. At Siv då skryter av at ho har fått inn 64 av desse, er knapt imponerande. Blir ikkje dette som å spela lotto, og gle seg over gevinstar som er langt mindre enn innsatsen? Eller som å pissa i buksa for å halde varmen?

Er det slik «lotto politikk» som skal til for å «omstilla oss etter oljealderen», auka bruken av oljepengar for å sikra skatteinngangen? Er det det Erna ynskjer å bli hugsa for?

Kommentarer til denne saken