Er framtida tvang?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerOppland Venstre har i lesarbrev utfordra Senterpartiet på å bu seg for framtida. Om det er Venstre sin måte å skape framtida på gjennom tvang , så har ikkje Senterpartiet tenkt å vera med på det. For Senterpartiet er eit levande folkestyre der folket blir inkludert, heilt sentralt for å kunne drive ei positiv samfunnsutvikling.

Venstre vil tvangssamanslå dei to kommunene Gran og Lunner på Hadeland og Sør-og Nord- Aurdal og Vestre Slidre i Valdres. Dette er altså framtidsretta?

At folk ved folkeavstemming ikkje har sett det hensiktsmessig å gå for kommunesamanslåing, noko som også kommunestyrene i desse kommunene i Valdres og på Hadeland har teke lytta til.

Det har altså Venstre ikkje tenkt å bry seg om. Med argumentar om at dette ikkje er kontroversielt og at Hadeland skal få støtte til lokalmedisinsk senter, så dette skal nok bli bra.

Men Valdres er eit godt eksempel på korleis eit lokalmedisinsk senter vart etablert og fungerar godt som eit interkommunalt samarbeid mellom 6 kommuner. Det fungerar altså utan at dei måtte slå seg saman til ei kommune.

Så er argumentet at alle fylkene skal minst ha ei endring i kommunereformen. Kvifor seiar stortingsrepresentant Ketil Kjenseth ikkje, men slik er det berre! Kvifor akkurat desse kommunene og ikkje nokon annan er også eit spørsmål i Desse kommunene skal da ofrast for at også Oppland skal ha endringar på kommunekartet.

Når det ikkje blir synleggjort ein tydeleg meirverdi ved å slå saman til større kommuner så ser heller ikkje folk noko poeng i å støtte ei kommunesamanslåing.

Nå vil Venstre også tvangssamanslå Oppland og Hedmark til ein region. Akershus, Østfold og Buskerud skal også slåast i saman, sjølv om fire av desse 5 fylkestingene har sagt nei til å etablere desse to storregionane.

Er det altså ei framtida der vi ikkje skal lytte til folket vi skal bu oss på?

Der er i såfall ikkje Senterpartiet. Vi ynskjer eit levande og inkluderande folkestyre.

Vi har eit stortingsvalg til hausten. Der vil folket få seie kva dei meiner om desse tvangsreformane.

Senterpartiet er klare på at vi støttar dei kommune- og fylkessamanslåingane som skjer friviljug, men vi vil arbeide for å stoppe tvangssamanslåingar som Venstre eventuelt skulle få med seg Frp og Høgre på før valget.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags