Gå til sidens hovedinnhold

Framtidas bumiljø og lokalsamfunn

Artikkelen er over 5 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Velferdstenestene i Norge og den vestlege verda står overfor store utfordringar med sterk vekst i den eldre delen av folket og svakare vekst i den yrkesaktive delen. For Oppland og Gjøvikregionen syner framskriving av folketalet at gruppa 80 år og eldre langt på veg doblar seg fram til 2040 medan veksten i gruppa yrkesaktive 20 – 66 år derimot er svært beskjeden. I 2015 er det vel 11 yrkesaktive for kvar som er 80 år og eldre og i 2040 er forholdet redusert til vel 6. Den sterke veksten i dei eldste aldersgruppene må bli ei stor utfordring i tida framover. Til fleire eldre til fleire potensielle mottakarar av offentlege tenester! Spørsmålet blir om offentleg sektor vil greie å ta imot ei gruppe hjelpetrengande som er dobbelt så stor som i dag?

Eitt forhold er at veksten av yrkesaktive ikkje greier å halde tritt med veksten av eldre. Eit anna forhold er den økonomiske utviklinga. Norge har i ei lang periode hatt ein eventyrleg økonomi med jamn vekst år for år. Finanskrise og kraftig nedgang i oljeprisen har resultert i svakare økonomisk utvikling både nasjonalt og internasjonalt. Frå fleire hald blir det spådd ein mogleg nedgang i økonomien. Det er derfor god grunn til å stille spørsmål om kommuneøkonomien framover. Kommunane har dessutan store pensjonsplikter. Dette kan kome til å gå hardt ut over evna til å løyse nye oppgaver. I tillegg kjem store globale utfordringar om miljø og migrasjon (inklusive flyktningkrise).

Når oljeinntektene sviktar må staten kompensere med andre inntekter. Det blir spådd at vi i framtida vil få meir private helse- og omsorgstenester kombinert med høgare eigendel for dei offentlege tenestene. Produktivitetskommisjonen har peika på at skatteprosenten må aukast frå dagens nivå på rundt 37 prosent til så mykje som 65 prosent for å finansiere framtidas velferdstenester. Ein så høg skatteprosent verkar krevjande. Det fortel i alle fall at vi i framtida må yte meir til fellesskapet for å få velferdstenester på dagens nivå.

Gjennomgangen syner at det er nødvendig å utvikle nye løysingar som vil redusere presset på dei offentlege tenestene. Ikkje berre nye måtar å yte tenester til hjelpetrengande på, men å utvikle lokalsamfunn, bustader/husvære og produkt som kan fremme sjølvhjelpne liv for flest mogleg lengst mogleg. Dette er eit ansvar for både offentleg og privat sektor der så vel gamal som ny kunnskap må brukast.

Utfordringane stiller spørsmål om heile samfunnsstrukturen vår. Norge er eit langstrakt land med spreidd busetjing. Den kommunale heimetenesta møter dagleg dette busetjingsmønsteret når alle grender blir køyrt på kryss og tvers. Ei konsentrert busetjing ville vera meir kostnadseffektiv. Likevel er det neppe gjennomførbart og heller ikkje ynskjeleg å samle alle eldre og hjelpetrengande i byar og tettstader. Det ville bryte dramatisk med vår historie og kulturarv, og er ikkje akseptabelt.

På den andre sida vil det framover heller ikkje vera yrkesaktive eller økonomi nok til å dekkje behovet for tenester som mange treng for å greie seg heime. Da vil det heller ikkje vera ressursar til fleire omsorgsbustader og sjukeheimar. Kva gjer vi så?

Eit opplagt alternativ er at kvar enkelt av oss må ta større ansvar for seg sjølv – inklusive eigen alderdom. Trass i krav til husvære dei seinare åra som universell utforming, livsløpstandard og uteopphaldsplassar, manglar eit overordna mål for korleis vi skal møte ei framtid der kvar enkelt i større grad må ta hand om seg sjølv livet ut. Nokon vil sikkert kjøpe private tenester, men det gjeld neppe det store fleirtalet. Skal vi greie oss sjølve må vi derfor samarbeide og hjelpe kvarandre. Dagens buformer har i liten grad fellesrom og fellesareal. Det klassiske bildet er blokker med nakne trappeoppgangar og korridorar utan møteplassar, og einebustader og villaer med eigne innkøyringar utan fellesareal. Mangel på møteplassar legg ikkje til rette for at vi skal bli kjent med kvarandre og det gjev eit dårleg grunnlag for fellesskap og fellesløysingar.

Er det likevel mogleg å tenkje seg nye former for busetjing som både tek vare på den desentraliserte busetjingsstrukturen i landet og legg til rette for at folk betre kan greie seg sjølve og ta vare på kvarandre? Korleis kan naboar bry seg på om – og ikkje med – kvarandre? (Jf. Gro Harlem Brundtland og nabokjerringa.)

Tette og desentraliserte busetjingsformer er ikkje noko nytt. Frå vår eige historie kjenner vi klyngetunet. Frå andre land kjenner vi landsbyen. Slike døme kan gje inspirasjon til å utvikle nye buformer og busetjingsmønster.

Trivsel er avgjerande for at vi skal ha det bra. Da må det vera liv og røre og det får vi når alle generasjonar bur om kvarandre og det er møteplassar der folk kan bli kjent med kvarandre. Moderne klyngetun kan byggjast både i tettbygde strok og på bygda – og med blokker så vel som einebustader. Eit nytt busetjingsmønster vil krevje store ressursar og ta tid. I følgje NHO skal det innan 2040 byggjast i alt 700.000 nye boligar i landet for å dekkje framtidas behov. Basert på prognosene for veksten i folketal vil berre 2,0 prosent kome i Oppland og 0,8 prosent i Gjøvikregionen. Likevel betyr det 14000 nye bustader i Oppland og 6000 i Gjøvikregionen. Det er trass alt ei betydeleg boligmasse!

Vi må få mål om nye buformer og bumiljø der folk skal bu livet ut. Planleggjarar og arkitektar må byrje å utvikle nye løysingar der vi kan greie oss sjølve lengst mogleg. Og ikkje minst må vi sjå på haldningane våre og spørja oss om vi aksepterer nye bumåtar. Å endre haldningar er krevjande men kan vera nødvendig dersom vi i framtida ikkje har nok ressursar til å ta hand om eldre og hjelpetrengande på same måte som i dag.

Vi har nå bak oss ei lang periode som er kjenneteikna meir av eigeninteresser enn fellesskapsinteresser. Kanskje er vi ved eit tidsskille? Framtidsutsiktene ser ut til å stille oss overfor spørsmålet om korleis vi kan hjelpe kvarandre for å hjelpe oss sjølve! Derfor bør vi minne oss om kva John F. Kennedy sa da han vart sett inn som president: Ask not what your country can do for you – ask what you can do for your country!

Kommentarer til denne saken