Gå til sidens hovedinnhold

Politiet frå gata til data!

Artikkelen er over 2 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nærpolitireformen har nå gjeve oss fleire eksempel på at vi ikkje har fått eit politi som er meire nær oss innbyggarane.

Senterpartiet har teke opp utfordringa med hol i beredskapen sjå politiet med justisministaren fleire gongar i vinter. Svaret er stort sett at det aldri har ikkje vore oppretta så mange nye stillingar i politiet som nå.

Seinast i svaret justisminister Vara gav sist veke på mitt spørsmål om fordelinga av polititenestefolk som er ute på gata og kor mange er det som er plassert bak ein dataskjerm og driv med administrasjon, analyse, kommunikasjon eller anna saksbehandling vert dette gjenteke.

Svaret frå justisministaren blir berre ei overordna opplisting av kor mange ansatte det er ved dei enkeltepolitidistrikta.

Dette står i grell kontrast til siste vekers frustrasjon frå politijuristar som slit med alt for mange saker å handtere og stor gjennomtrekk av folk i stillingane. Og frå polititillitsvalde som fortel at dei ikkje har nok folk til å yte naudsynt bistand til folk når dei treng det.

At folk når dei ringer politiet på 112 for å varsle om kriminelle handlingar skal bli møtt med at dei må ringe 02280 er vanskeleg å forstå. Særleg når problemet er at når du ringer 02280 så opplevast det til tider vanskeleg å komme gjennom.

Da Stortingsfleirtalet vedtok å gjennomføre nærpolitireformen for å legge ned 125 lensmannskontor og ei anna organisering av politiet, så skulle dette føre til fleire politipatruljer ute og politiet nærmare folket.

Dette opplevast ikkje av folk at har skjedd. Fleire politifolk har nå gått frå gata til å sitte med data.

Politiet sin tilstedeværelse i det daglege har ein forebyggande verknad som ikkje er i vareteke i den nye organiseringa.

Det er på tide at justisministaren tek inn over seg varslane om utfordringane som politiet nå står overfor.

Politijuristar står fram og er kritisk til manglande kapasitet til å handtere dei store mengdene saker, som gjer at ein får alt for langt ventetid på å bli behandla i rettsapparatet.

Andre nestleiar i Politiets Fellesforbund Sør/Øst Paal Knudsen, fortel på politiforum.no om korleis Norge skulle lære av erfaringane frå politireformane i dei andre nordiske landa i den norske politireformen. I Sverige resulterte reformen i ansatteflukt, Finland vart ein rein sparereform og i Danmark måtte det til ein storstilt fleirårig plan for å ruste opp politiet etter reformen.

Finland sin reform ga lengre kjøreavstand til polititenestene og gjorde det vanskelegare å få hjelp av politiet.

Høyrest dette kjent ut?

Vi har nå hatt fire justisministar på rekkje og rad frå FrP som skryter av at politiet aldri har hatt meire ressursar enn det dei har nå. Kvifor opplever folk da at avstand til politiet har vorte lengre og at folk etter kvart vel å ikkje anmelde brotsverk fordi politiet ikkje har tid til å følge opp, eller at saker som blir anmeld berre vert henlagt.

Senterpartiet har heile tida vore kritisk til denne reforma fordi vi meiner den verkar stikk motsatt av det som var namnet på reformen altså å skape eit nærpoliti.

Det er på tide at regjeringa også innser realiteten her og tek grep mens det fortsatt er mogleg å snu dette. Vi treng eit politi som er ute på gata og ikkje berre sitt inne på data!

Kommentarer til denne saken