Fylket på opplandi lyt heita Oppland

Illustrasjonsfoto: Mogop, som preger Oppland Fylkesvåpen

Illustrasjonsfoto: Mogop, som preger Oppland Fylkesvåpen

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Meninger 

Norsk Måldyrkingslag helsar velkome at statsråd Jan Tore Sanner har valt å halda på den gode norske nemningi «fylke» og ikkje gjenge over til «region» i samband med kommune- og regionreformi. Samstundes er me misnøgde med at omsyn til språk, kultur og historie er gjevne for liten omtanke elles i arbeidet med å skipa om inndelingi i herad og fylke.

Ei administrativ eining er ikkje berre eit verkty for å gjeva folk offentlege tilbod og tenestor på ein effektiv måte, det skal vera ein heimstad for folk, eit samfunn dei skal kjenna som sitt, og det er ein berar av nasjonal og lokal historie og kulturelle verdiar. Stadnamni våre er ein eigedom me alle har saman, og fortener større offentleg drøfting enn det ser ut til å ha vore i denne reformi. Det er ikkje noko som berre kan avgjerast lokalt eller i møte bak stengde dører, det er like mykje grannar og folk utanfrå som har bruk for og har tradisjonar for namn. Difor vonar me at departement og storting som legg fram og fastset namn på dei nye administrative einingane, lyder på kunnige innspel og ope ordskifte fram mot den endelege avgjerdi.

Den friviljuge lina i reformarbeidet har ført med seg nokre løgne nyskapnader som at Halden og Hemsedal vert førde inn i same fylket med namnet «Viken». Det er eit riksmålsnamn som knappast høver målføri i området, og eit namn frå fjorden som korkje historisk eller geografisk høyrer heime oppi dalføre og fjellbygder som Hallingdal og Numedal.

Den ufriviljuge samanslåingi av Oppland og Hedmark fylke er kulturelt og geografisk meir meiningsfull. I dette stykket har styremaktene høve til å gjera om på eit mistak frå den gongen fylki fekk dei namni dei har i dag. Då var namnevali godt utgreidde og drøfte, men dei fall diverre likevel ned på Hedmark og Oppland i staden for Aust- og Vest-Uppland.

Opplandi er landskapi som ligg ovanfor Oslofjorden, medan Hedmark er det opplandet som ligg ikring Hamar. Etter gamalt er landskapi i både Hedmark og Oppland fylke (og dessutan Romerike og Ringerike) kalla oppland. Hedmark er soleis berre namnet på eitt av opplandi på austsida av Mjøsa. Det er eit oppland på lina med Solør, Odalen og Østerdalen, og Hadeland, Toten, Land, Valdres og Gudbrandsdalen på vestsida. Ein øysterdøl er slik sett ikkje frå Hedmark, men han er opplending.

Eit samanslege fylke av Hedmark og Oppland er tenkt at skal heita Innlandet. Innland tyder i grunnen det same som oppland, men det har ingi gamal hevd som stadnamn og fylkesnamn. Det har vunne fram som namn på nokre institusjonar som femner om båe desse fylki i dag, venteleg av di ein ikkje har vilja gjeva dei namnet til det eine fylket når det gjeld båe.

Skal fylki slåast saman gjeld ikkje dette omsynet lenger. Det bør ikkje reknast som noko nederlag for bygdene aust for Mjøsa å verta med i eit Oppland fylke; dei fær berre att det gamle namnet sitt som har vore teke frå dei. Norsk Måldyrkingslag vil difor råda til at om ein no skal slå saman Oppland og Hedmark fylke, so er det eit anna namn enn Innlandet det nye fylket må få. Fylket på opplandi lyt heita Oppland.

Fråsegn vedteki på årsmøtet i Norsk Måldyrkingslag ism. namnet på det nye fylket.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags