Omsorg for heile Innlandet

Av
DEL

LeserbrevAt Kari-Anne Jønnes (H) meiner at innbyggarane i Innlandet fortener folkevalde som viser leiarskap og klokskap, er bra. Dette skriv ho i eit lesarbrev sendt til aviser i Hedmark og Oppland der ho stiller spørsmål ved om fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) og eg vil gjere jobben vår skikkeleg. Ho representerer eit parti som ville lagt ned fylkeskommunen om dei kunne.
Valresultatet for fylkestingsvalet viser at folk blir meir og meir klar over at regionreforma ikkje fører til stort anna enn ei forsterking av den sentraliseringa dagens regjering bygger opp under. Derfor må vi som ansvarlege folkevalde spørje både oss sjølve, andre og Storting og regjering om dette kan fortsette slik det no gjer om vi skal klare å bygge Innlandet.
Dagens regjering har slått saman våre to flotte fylker med tvang med lovnad om at dette skulle gjere oss sterkare som samfunnsutviklar, vi skulle få fleire oppgåver og det skulle ikkje sparast pengar. Ei stund vart det også kalla ein demokratireform. Jønnes peiker på at vi må fylgje opp det Stortinget har bestemt. Det gjer vi, for vi skal bygge vidare både Hedmark og Oppland i det nye Innlandet.
Eg og SP kjem til å arbeide kvar einaste dag for at dette ikkje skal føre til dårlegare tenester for innbyggarane. Uavhengig av om det heiter Hedmark og Oppland, eller om det heiter Innlandet, skal eg jobbe kvar dag for at vi skal bruke pengane til det beste for gode vidaregåande skular, drift og vedlikehald av fylkesvegar, meir bygging av breiband, gode kulturtilbod, legge til rette for arbeidsplassar i heile fylket og ta tak i utfordringar med klima og miljø.
Samtidig forventar eg at Jønnes og H saman med Frp, V og Krf, også vil gjere jobben sin skikkeleg. Dei bør gjere alt dei kan for å påverke sine folk på Stortinget så dei sikrar Innlandet pengar til å kunne vere den samfunnsutviklaren fylkeskommunen skal vere. Slik det ser ut no, vil vi miste opp mot 200 millionar i inntekter det fyrste året Innlandet skal virke!
Både Hedmark og Oppland har gode forutsetningar for å utvikle seg, men regjeringa gjer meir eller mindre ingenting for at vi skal lykkast. Det bør bekymre Jønnes meir enn at SP fortsatt meiner at dette er ein dårleg ide. Kvar har H i Hedmark og Oppland vore når nye oppgåver skulle komme? Kva har H gjort for at vi skal sikre innbyggarane våre breiband i heile fylket? Kvar er eigentleg våre representantar i H når budsjetta blir spikra og midla fordelt i statsbudsjettet?
Både Hedmark og Oppland har dyktige tilsette som har jobba og som vil jobbe framover til det beste for innbyggarane våre. Eg er stolt over den jobben dei gjer, både i sentraladministrasjonen og ute på alle våre vidaregåande skular. Det er ein jobb dei gjer uavhengig av fylkesgrenser.
Regjeringa har ikkje fylgt opp det Stortinget har bestemt, nemleg at vi skal ha eit fylkeskommunalt nivå. Det dei kallar ein reform, er rett og slett berre å flytte grenser for så å sultefore oss. Målet er kanskje å bli kvitt fylkeskommunen i neste omgang?
Min politiske realitet er at eg møter både innbyggarar og tilsette kvar dag som ristar på hovudet over denne fylkessamanslåinga og sentraliseringa som H står i spissen for. Det går nesten ikkje ein dag utan at veljarar heier på oss fordi vi faktisk står opp mot dette. Men vi i SP skal jobbe hardt kvar dag for at Innlandet fylkeskommune skal levere for sine innbyggarar og det håpar eg H også vil gjere.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags