Gå til sidens hovedinnhold

Nå eller aldri, fra fossilt til fornybar

Artikkelen er over 5 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Mykje har endra seg sidan april 2015, da fylkestinga i Oppland og Hedmark vedtok å utarbeide ein bioøkonomistrategi. Sjølv om det ikkje er meir enn eit år sidan! Utviklinga i den globale petroleums- og energimarknaden har gjort det openbart at Norge står framfor store omstillingar. Vi må gjere oss mindre avhengige av oljen og vi har hatt eit klimamøte som forpliktar oss til å ta tak. Bioøkonomi er ikkje noko nytt, det har vi drivi med i 10000 år i form av jordbruk og matproduksjon. Vi snakkar om ein historisk bioøkonomi. No er vi på slutten av ein petroleumsøkonomi og på veg inn i ein teknologisk bioøkonomi og der skal Innlandet ta ei sentral rolle for vi har grunnlaget med alle våre naturressursar.

Vi må utvikle fleire og varierte verdikjeder med lange produksjonsliner, både i eksisterande og i ny berekraftig industri- og næringsvirksomheit. Frå det svarte til det grøne - og blåe - karbonet. Næringslivet må sjølve ta initiativ og få moglegheit til å utvikle næringar for framtida basert på dei fornybare ressursane vi har.

Vi har eit fantastisk muligheitsrom, frå frø til resirkulering i Innlandet. Vi har kompetansemiljø både på høgskule og universitet, innan forskningsmiljø og ikkje minst innanfor næringslivet. Bioøkonomistrategien skal vere ferdig til desembertinget og det er eit viktig arbeid framover til da. Vi er også spente på kva regjeringa vil komme med i sin bioøkonomistrategi.

Kommentarer til denne saken