Nærskuleprinsippet – for å ta vare på alle elevane våre

Det er vårt ansvar som fylkeskommune å ivareta alle innbyggjarane på best mogleg måte, ikkje arrangere The Hunger Games og favorisere etter «survival of the fittest»-prinsippet!

Det er vårt ansvar som fylkeskommune å ivareta alle innbyggjarane på best mogleg måte, ikkje arrangere The Hunger Games og favorisere etter «survival of the fittest»-prinsippet! Foto:

Av
DEL

LeserbrevI OA 3. november skriv Omar Yagci, leiar i Gjøvik og omegn Unge Venstre, at han tykkjer det er sjukt at nokre politikarar skal bestemme kva skule ein skal gå på. Han framstiller det som at posisjonen i Innlandet fylkeskommune ikkje tenkjer på elevane sitt beste, og at vi innskrenkar utdanningsmoglegheitene deira. Dette er heilt feil. Det er vårt ansvar som fylkeskommune å ivareta alle innbyggjarane på best mogleg måte, ikkje arrangere The Hunger Games og favorisere etter «survival of the fittest»-prinsippet.

Eg meiner frå botnen av hjartet at nærskuleprinsippet er den beste løysinga.
Det er utarbeida gode retningsliner for korleis ein ser for seg at denne modellen skal fungere i Innlandet. Hovudregelen er at ein har rett til å gå på nærskulen sin, uavhengig av karakterar. Dette fører til at elevar ikkje risikerer å måtte flytte fordi dei har for dårlige karakterar, og vi er ikkje med på å skape eit klasseskilje allereie når elevane våre er 16 år. Det er ikkje god skulepolitikk å kaste dei svakaste under bussen og skape eliteskuler.
Det at ein skal truge dei med dårligast karakterar til å flytte, er eit absurd tankesett!
Det er gjort store undersøkingar som viser at unge hybelbuarar har større sannsyn for å slutte eller ikkje består vidaregåande opplæring. Dette er ikkje noko vi som fylkespolitikarar ynskjer å bygge oppunder. Målet må vera at flest mogleg skal bestå og ha eit godt grunnlag for det vidare livet.

Vidare er det gjort unntak for å få det til å fungere i praksis. Modellen er langt i frå eit militærregime, slik som høgresida ofte framstiller det. Ein har rett til skuleplass på den nærmaste skulen som har den linja ein ynskjer å gå på. Vi innskrenkar ingen utdanningsmoglegheiter, tvert i mot. Vi sikrar at fleire får moglegheit til å gå det utdanningsløpet dei ynskjer. Dersom reisetid med buss frå heimen er meir enn ein time til nærmaste skule, står ein i praksis fritt til å velje skule sjølv. Dette er fordi ein stor del av desse elvane vel å flytte på hybel uansett. Det at vi innfører nærskuleprinsippet i Oppland vil heller ikkje tvinge elevar som har starta eit løp på ei anna skule enn nærskulen til å bytte skule. Dei vil så klart fullføre løpet sitt etter dei retningslinene som låg til grunn når dei søkte seg inn. Det vil også verta enklare å dimensjonere tilboda på dei ulike skulene når ein i større grad veit kor mange elevar som kjem. Dermed vil sikkerheita rundt å oppretthalde utdanningstilbod verta større. Dette er gunstig både for elevar, lærarar og skuleeigar.

Yagci legg mykje vekt i argumentet om trivsel. Det at alle skal trivast er vi heilt einige om! Dersom det er elevar som ikkje trivast på skulen og treng eit nytt skulemiljø er dette så klart fortsatt mogleg. Det skal vera gode rutinar for behandling av slike saker, og det står tydleg i barnekonvensjonen artikkel 3: «Ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.». Dersom det er tilfellet at mange får avslag for skulebyte, sier det meg at vi må ta tak i prosedyrer rundt behandling av slike saker, ikkje ha fritt skuleval.

Sidan vi står framfor ei fylkessamanslåing der nokre kommunar skiftar fylke, har ein utarbeida gode samarbeidsavtaler på tvers av fylkesgrenser. Skulestukturen vi har i dag er dimensjonert for dei «gamle» fylka, og elevane skal ikkje straffast på grunn av regjeringa sin våte draum om tvangssamanslåing. Elevar i Nord-Østerdalen vil få moglegheit til å søke seg til Røros, og elevar frå Jevnaker og Lunner får moglegheita til å søke seg til Hadeland. I tillegg er Lillehammer og Gausdal eit stort unntaksområde, fordi rekrutteringa til Gausdal er avhengig av elevar frå Lillehammer. Det er gjort endringar slik at desse skulene er likestilte, og ein kan søke seg til begge utan problem.

Eg er overtydd om at nærskuleprinsippet med dei retningslinene som er laga, er det beste for alle elevane i Innlandet. Vi fangar opp fleire av elvane som treng det, skulene vert meir føreseielege for både lærarar og elevar, og vi skapar ikkje klasseskilje. Som senterpartist og fylkespolitikar med utvalsplass i utdanning, skal eg kjempe kvar dag for å utvikle den beste skulen for alle, og eg er overtydd om at vi er på god veg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags