Krise og endring i reiselivet

LENGE: - Korona-krisa vil vare i lang tid, og det er naudsynt å tenkja langsiktig for å ta vare på reiselivsnæringa. Då kan ikkje regjeringa arbeida etter ei vente og sjå haldning, slik vi er vitne til no, skriver Marit Knutsdatter Strand.

LENGE: - Korona-krisa vil vare i lang tid, og det er naudsynt å tenkja langsiktig for å ta vare på reiselivsnæringa. Då kan ikkje regjeringa arbeida etter ei vente og sjå haldning, slik vi er vitne til no, skriver Marit Knutsdatter Strand. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Reiselivet er ei viktig næring, og må få støtte til å klare seg gjennom krisa. Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for reiselivet som opphøyrde 31. august. No skal ny ordning gjelde fram til nyttår. Næringa over heile landet meiner at det er viktig å føre vidare tiltaket med ein låg momssats på 6 prosent. Denne ordninga går ut 31. oktober og vidareførast ikkje, og då skal satsen hevast til 12 prosent. Dette er Senterpartiet imot.

Korona-krisa vil vare i lang tid, og det er naudsynt å tenkja langsiktig for å ta vare på reiselivsnæringa. Då kan ikkje regjeringa arbeida etter ei vente og sjå haldning, slik vi er vitne til no. Det gjev grobunn for meir usikkerhet for dei i næringa som slit. I reiselivet var det i 2018 heile 27.641 verksemder med 1-20 tilsette, og sysselsett totalt 88.436 menneskjer, i følgje SSB. Desse er mest utsatt. Distriktsminister Helleland frå Høgre seier at midlane ikkje er til alle som treng dei, men til utvikling. Det vil seie at dei som slit med drifta, ikkje bergast no. Men dei kan få pusse opp bygga sine.

Av krisepakka på 1500 millioner kroner er det ein tydeleg prioritering frå regjeringa at berre 80 millioner kroner går til reiseliv i distrikta via Innovasjon Noreg og fylkeskommunen. Siva får 40 millioner kroner. Administrerande direktør i Virke Ivar Horneland Kristensen har uttalt at reiselivet åleine har fall i omsetning på 80-90 milliardar kronar. Vidare peiker Virke på at i 96 kommunar sysselsett reiselivet 1 av 10 i privat sektor. Kor mykje som vil hjelpe verksemder med mange permitterte og låg aktivitet, er heilt i det blå.

På kort sikt burde regjeringa vidareført dei ordningane som er vedteke ut året, og så vurdera kva som må til på lenger sikt. Senterpartiet har alt gjort framlegg om at den låge momssatsen skal gjelda ut 2021. I tillegg meiner vi at kompensasjonsordninga må halda fram og at krav om tilbakebetaling av kriselåna må utvidast frå tre til seks år. Reiselivet skal ikkje tilpassa seg krisa ved å legge ned, men ved å verta eit enno betre vertskap for nordmenn og utlendingar på reise.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken