Framtida vår

PRIO: – Klimapolitikk må stå øvst på prioriteringslista vår. Ikkje berre for småpartia som MDG, men for alle andre, skriver artikkelforfatteren. Her fra New Delhi i India, som er en av verdens mest forurensede byer.

PRIO: – Klimapolitikk må stå øvst på prioriteringslista vår. Ikkje berre for småpartia som MDG, men for alle andre, skriver artikkelforfatteren. Her fra New Delhi i India, som er en av verdens mest forurensede byer. Foto:

Av
DEL

LeserbrevKlima på jorda er i stadig forandring. Det har det stadig vore, men den einaste skilnaden er at nå endrar den seg fort og drastisk.

I følgje ein undersøking av «Pew Reasearch Center» er 13 av 26 land einige om at klimafrykt overgår alle andre sikkerheitstrugslar. Undersøkinga viser også at land nærme kysten, til dømes Hellas, er svært redde for klimaendringar. Havet stiger, og det blir meir nedbør om temperaturen til jorda stig. Dei rundt kysten blir hardast ramma av naturkatastrofar som flaum, orkanar og store bølgjer. Viss heile 13 av 26 land er redde for klimaendringar, kvifor gjer vi ikkje noko med klimaendringane no?

Drivhuseffekten gjeld heile kloden, derfor må alle land redusera utsleppane. Det er vi menneskene som har bidrege til at endringane av klima endrar seg fort og drastisk. Det er òg vi som har løysinga i henda våre. Vi kan ikkje venta til det er for seint. Det er i dag vi har høvet til å gjera noko med klimaendringane på jorda. Men kva kan vi gjere, og vil det gjere ein skilnad?

Noreg er eit verdsleiande land med mange nye idear til korleis vi kan bremse utslippene av drivhusgassar. Ved å redusere energibruken kan utsleppane av CO2 gå ned. I industriland som Noreg er dette ein kamp som er relativ lett å lause om alle er med. Men kva gjer vi i dei utviklingslanda som er for dårlege rusta til klimaendringane? følgje FNs klimapanel, vil endringane føre til dårlegare tilgang til rent vatn og mat, meir helseproblema, større skilje mellom rik og fattig og skadar på infrastruktur og bygningar. Viss kvar og ein av oss kan redusere energibruken, kan vi få levestandarden opp på eit rimeleg nivå. Vi kan til dømes kan vi nytte kollektive transportmidlar, velje miljøvennlege bilar som elbilar eller hybridbilar, bruke tjukkare isolasjon i hus og senke temperaturen i til dømes, rom som ikkje brukast.

For at vi ikkje skal auke det totale utsleppet av drivhusgassar, må vi finne erstatningar til de ikkje-fornybare ressursane. Vi kan til dømes bruke biobrensel i staden for fossilt brensel. Vi kan bruke varmepumper til oppvarming av hus, eller bruke fornybar energi som vindenergi eller solenergi.

Klimapolitikk må stå øvst på prioriteringslista vår. Ikkje berre for småpartia som MDG, men for alle andre, inkludert oss som enkelt mennesker. Viss 7 milliardar har ein kjøttfri dag, viss 7 milliardar legger vekk bilen og tar toget vil dette gjere ein stor skilnad. Vi må stå saman for å kjempa mot klimaendringa og drivhusgassar. Vi har løysninga i våre hendar, og vi må gjere noko. Sjølv om ingen kan spå framtida, må vi være på den sikre sida. Det vil koste pengar, men det vil være verdt det.  

Kilder

Benestad, R., Harstveit, Mamen, J., Harstveit, K., & Fuglestvedt, J. (2018, september 28). SNL. Hentet fra SNL: https://snl.no/klimaendringer

Fløttre, N. H. (2018, oktober 24). NDLA. Hentet fra NDLA: https://ndla.no/subjects/subject:21/topic:1:183344/topic:1:191070/resource:1:44759

FN.no. (2018, oktober 5). Hentet fra FN.no: https://www.fn.no/Tema/Klima-og-miljoe/Klimaendringer

Tjørhom, V. (2019, februar 11). NRK. Hentet fra NRK: https://www.nrk.no/urix/klimaendringer-topper-global-_bekymringsmaling_-1.14425283


April Sønsteby

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags