Tåkelegging frå Solvik Olsen!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevSamferdselsministar Ketil Solvik Olsen har lite å skryte av med hans og regjeringa sin breibandssatsing. 

Dette prøvar han nå å dekke over i leserbrev i fleire aviser ved å angripe Senterpartiet for at det ikkje vart bygd ut meire breiband under den raudgrøne regjeringa.

Nå er Solvik Olsen inne i sitt femte år som samferdselsministar og det har vorte vanleg frå han når han har ei dårleg sak, så skal dette tåkeleggjast ved å angripe dei raudgrøne for at dei ikkje fekk til meir heller.

Det er kanskje på tide at Solvik Olsen sjølv tek ansvar for kor lite han bidreg med for å gje breibandsdekning til heile landet.

Eg kan hjelpe han med dei reine tala:

For 2016 foreslo han i budsjettforslaget til breibandsutbygging i ikkje kommersielle områder 58 mill kr, i 2017 93 mill kr og for 2018 68,7 mill kr.

Han har sjølv opplyst Stortinget om at for å oppnå 90 % breibandsdekning til folket, er kostnadsanslaget på 10 mrd kr og av dette trengst det eit statleg bidrag på 3,7 mrd for å oppnå dette. Det vil altså gå nærmare 50 år å dekke 90% av Norges befolkning med den farten som Solvik Olsen legg opp.

At mange blir ramma av det digitale klasseskillet der fleire ikkje skal få tilgang til høgfarts breiband, verkar ikkje å bekymre statsråden mykje. Han er meire oppteke av å skjule fakta om ei puslete satsing enn å ta tak i ei nasjonal breibandssatsing som Senterpartiet har føreslege. Vi la inn 500 millionar kr til breibandsutbygging i 2018. Solvik Olsen og regjeringa føreslo 69,7 millionar kr. Det er fakta herr samferdselsministar!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags