«Nyttige idiotar»?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Meninger 

Gjøvik har sett seg på Noregskartet for ein dag eller to, med imponerande praktisering av demokratiske spelereglar og forsvar av informasjonsfridom.

Nei, eg har ingen ting med SIAM å gjera. Men i motsetning til dei fleste, har eg sett meg grundig inn i Koranen. Eg har og vitja eit godt dusin muhammedanske land - innkludert td. Syria og Afghanistan, men før krigane - så eg har sett kulturen litt innanfrå og (Afghanistan var eit meget tiltalande land og folk - - - i alle fall før krigen der).

Skal vi ta eit lite veddemål om at ingen av motdemonstrantane i «Slaget om Infomasjonsnekt» i Gjøvik har lese Koranen, så dei veit kva dei eigentleg sloss for? Dersom det er rett at OA har «piska litt i vatnet» på førehand - skal vi utvia veddemålet til også å omfatta den aktuelle journalisten og redaktøren?

Dei fleste «godviljens menn» går ut frå at Islam er ein religion omlag på line med religionar flest. Men den skil seg frå dei mange andre ved at den bygg på klar apartheid, diskrimineting, valdsideologi og lovleg bruk av løgn. Boka er 1/10 så stor som Bibelen (vel 130000 ord mot vel 1,3 mill.), men inneheld likevel:

1. Over 900 punkt (talet er for lavt) som nemner ikkje-muhammedanarar, og som i sum grundig fortel at dei «vantru» er dårlege menneske og «Untermench». Gallant diskriminering og apartheid. Og godt grunnlag for uvilje mot dei.

2. Over 950 punkt som nemner muhammedanarar: Gode og rettferdige personar med rett og plikt til å nedkjempa og undertrykka alle ikkje-muhammedanarar til dei «betalar jizya (ekstra skatt - ofte høg) med villeg underkasting og kjenner seg undertrykte». Apartheid «par exellance».

3. Fleire punkt (eg har ikkje tal her, men i alle fall 10 direkte og indirekte) som fortel du ikkje skal blanda deg for mykje - integrera deg - med «dei vantru», for då fortel du Allah at du ikkje er god muhammedanar. Meir klar apartheid. Vers som 4/144, 9/16, 9/23.

4. 300 + punkt som glorifiserar vald og undertrykking.

5. 300 + punkt som oppmoar til eller gjev ordre om vald og undertrykking

- ikkje 600 tilsamen, pga. noko overlapping. (Dei er lista opp td. i «Verses of War in the Quran», Amazon.) 6. I tillegg til generell undertrykking, har ein undertrykking av kvinnene - vers som 4/34, 43/18 og generell framstelling i boka.

7. Og ein har versa om lovleg valdtekt av slavinner og ikkje gravide fanga kvinner ov jenteborn - t.d. 4/24, 8/69, 23/6, 33:50, 70/30.

8. Ein har versa om lovleg steling/røving (td. 4/94, 8/1, 8/41, 8/69, 33/27, 48/15 - 8/41 er ekstra interessant, avdi den fortel at Allah

(Muhammed) skulle ha 20 % av alt som vart stole og slavar tekne) - saman med lovleg valdtekt og slavetaking eit mektig incitament for mange til å delta i krigar, overfall og raid - av Muhammed sine 82 kjende «vepna trefningar» var majoriteten raid og overfall for å stela, røva og ta slavar - pene kvinnelege omlag 4 gonger så høg salsverdi som mannlege til tider og stadar. Og som ein ser der bokstavtru Islam vert innførd att - td. IS, Boko Haram, etc. - vert slaveriet innførd att. Muhammad valdtok sjølv minst 2 kvinner, Rayhana bint Amr og Saciyya bint Amr - den siste 17 år og nygift, og Muhammad valdtok henne same dagen som han hadde torturert mannen hennar i hel for å få veta om rikdomar Muhammed ville stela.

9. Og ikkje minst har ein versa om lovleg løgn, lovleg misbrum av ord og sjølv eidar, etc. -td. 2/225, 5/89, 16/91, 66/2, m.fl.. Slikt er lov innan vide grenser, innkludert for å lura kvinner eller sikra pengar, og bør nyttast dersom nødvendig for å forsvara eller fremja Islam

Dette er nokre av baksidene ved Koranen. Baksider det er diskriminerande å opplysa om, og så uinteressant at i alle fall ein del anti-demonstrantar ikkje ser nokon grunn til å lesa Koranen for å få informasjon om kva dei eigentleg sloss for. Litt ironisk i og med Koranen er langt meir diskriminerand3 emm DIAM nokon gong kan nli.

Nei, eg veit godt at dei fleste muslimar er ok. Internasjonal vetskap fortel at berre 2,5% av muslimar har sympati for bruk av vald og undertrykking, men dei fortel og at alle desse er i faresona for å kunne bli krigarar eller terroristar. Problemet er at det er uråd - no og i alle framtidige generasjonar - å veta kven som kan bli farleg.

Kor mange eple av 40 i ei korg gjev du borna dine og venene deira, dersom du veit at eit ( = 2,5% av 40) kan - kan - vera dødleg?

Det er fleire gode prinsipp som møtest her: Retten til å velga religion, retten til fri tale, retten til å sleppa diskriminering, retten for dei uskuldige til eit trygt liv, retter til å sleppa undertrykking, etc.

At gode prinsipp kan stå mot kvarandre, er noko ein kan oppleva. Då må ein vurdera kvart av dei og vega fakta mot kvarandre, for å finna beste løysinga. Dersom ein i staden vel berre det mest populære og bles i dei andre, sjølv om nokre av desse kan vera vel så viktige, ja, då blir ein lett ein til «nyttig idiot» for dei med særinteresser.

Ekstra ironisk er det her at Koranen er så full av faktafeil, andre ikkje-religiøse feil, sjølvmotseiingar, etc., at det ikkje er sant at tekstene er orda til ein gud - sjå td. listene over slikt i www.1000mistakes.com. Altså sloss demonstrantane for ei oppdikta bok og ein oppdikta krigs-, diskriminerings- og undertrykkingsreligion.

Ps. Dei som måtte ynskja å gå til politiet med dette innlegget: Det er ikkje det minste problem å prova kvart einaste punkt, og korrekt informasjon er ikkje straffbar i Noreg - bortsett frå av nokre demonstrantar med måteleg breidde på kunnskapane sine.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags