Innlandet – eit påtvunge katastrofeprosjekt

Bergljot Oldre og Eivind Skari

Bergljot Oldre og Eivind Skari Foto:

Av
DEL

LeserbrevInnlandet fylke, eit fylke 22 prosent større enn Danmark, har vore ein realitet sidan nyttår. Regjeringa overkøyrer lokaldemokratiet nok ein gong, og lagar eit nytt fylkeskart som nesten ingen vil ha! Kva no?

I desember 2019 gjorde InFact ei spørjeundersøking for Lokalsamfunnsforeininga. Den visste at 50, 8 prosent var i mot fylkessamanslåing, medan berre 29, 1 prosent er for. Senterpartiet gjekk til val på å oppløyse Innlandet, dersom det vert ein moglegheit. Dette meiner vi fortsatt. Vi gjekk inn i posisjon med Arbeiderpartiet og laga ei politisk plattform. Der står det at vi skal ta ei ny vurdering dersom det vert moglegheiter for oppløysing. 12. desember, ein og ein halv månad etter konstituerande fylkesting, uttalte fylkesordføraren at han ikkje såg på oppløysing som ein moglegheit for Arbeiderpartiet. Det vil seia at Senterpartiet står så godt som åleine i Innlandet fylkesting om å høyre på innbyggjarane og ville oppløyse fylkene.

Ikkje nok med at regjeringa har overkjørt lokaldemokratiet, dei har heller ikkje gjort det mogleg for fylkeskommunene å slå seg saman utan å ta av eigne midlar. Vi har ikkje fått rammer til å gjennomføre samanslåinga på ordentlig vis, og for å kome i havn er vi nødt til å ta av pengar som kunne gått til fylkeskommunale tenester. Dette fører til at vi må prioritere det vi meiner er viktigast.
Det må til nødvendig rehabilitering av fylkeshuset på Hamar så fort som mogleg, men vi meiner at å bygge ut fylkeshuset i desse fylkesoppløysingstider er unødvendig bruk av kapital. Senterpartiet gjekk også i mot samlokalisering av fagmiljø. Dette er fordi vi høyrer dei ansatte som seier at lenger pendlarveg ikkje er gunstig og vi har samhandlingsmoglegheiter utan å måtte site i same rom. Regjeringspartia med Arbeiderpartiet på slep stemte for ei samlokalisering. I mine auge viser dette at majoriteten på fylkestinget ikkje lyttar til folk og ikkje er villige til å finne nye, gode samhandlingsmoglegheiter.

Vi i Senterpartiet ynskjer folkeavstemming om oppløysing. I helgene 7. - 8. og 14. -15. februar avheld Oppland og Hedmark SP fylkesårsmøtene sine, der det vart forankring i begge fylkeslag for ei folkeavstemming. Dette er nettopp fordi vi meiner det er viktig at fylket har meininga til folket i bakhovudet dersom saken om oppløysing skulle kome opp på fylkestinget.

30. januar kom det ei meiningsmåling for GD i Oppland, den synte at Senterpartiet er største parti med 30, 7 prosent. Dette trur eg er fordi vi lyttar til folket. Vi trur ikkje at vi veit best utan innspel frå dykk! Programmet vi gjekk til val på er vår veljarkontrakt til alle dei som har stemt på oss. I motsetning til mange andre parti står Senterpartiet på sitt uansett om det er valhaust eller ikkje.

Vi er heil ved.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags