Aktiv stølsdrift, ein klimavinnar

PÅ STØLEN: Stølsdrift er eit klimatiltak, som allereie eksisterer, skriver Senterungdommen.

PÅ STØLEN: Stølsdrift er eit klimatiltak, som allereie eksisterer, skriver Senterungdommen. Foto:

Av
DEL

MeningerNorsk landbruk, og særleg norske kyr er vorte stempla som klimaverstingar, av folk som ikkje nødvendigvis har så god greie på mat, dyr og kyr. Landbruket er ingen klimaversting, det er ein klimavinnar. Trass metanutslepp frå kyrne, så er desse gassane ein del av naturens kretsløp. Norske bønder nyttar utmarksbeite gjer positiv utslag i klimaregnskapet, dette gjeld også den aktive bruken av stølar og setre over det ganske land.

Utmarksbeite er å nytte ressursar som ein elles ikkje vill nytta. Dei store areala til utmarksbeite er ein viktig del av ressursgrunnlaget; utmarksbeitet har ein større variasjon i artssamansetningen enn innmarksbeite. Det er ingen betre måte å utnytte graset enn å la dyra havne det. Menneske kan ikkje ete gras, slik kyr og geit kan – på denne måten utnyttar vi alle ressursar. Friske fjellbeite gjev friske dyr.

Dei siste 100 åra har 90 prosent av stølane og setrene vorte nedlagt. I 1900 var det omkring 100.000 stølar i aktiv drift. I dag er talet nærare 900. Dette er ei uheldig utvikling, å nytte lokale ressursar, istadenfor importert kraftfôr. Stølsdrift er berekraftig, og gjer at mat vert produsert på norske ressursar og ivaretek kulturlandskapet vårt – stølsdrift gjer at Noreg IKKJE gror att. Om ikkje landbruket kan sørge for at fjellandskapet vert halde ved like, så mistar alle gleda av fjellet; ein vil ikkje ha småskog og kratt 900 meter over havet - verken til rekreasjon eller næring.

Stølsdrift er eit klimatiltak, som allereie eksisterer. Norsk landbruk har nytta naturressursane rundt oss i fleire hundre år. Stølsdrift gjer oss friske husdyr som utnyttar foret effektivt. Norske dyr, og kyr – norsk raudt fe, kjent som «klimakua,» produserer både kjøt og mjølk. Likevel er norsk landbruk stempla som klimaversting. Dette har ikkje rot i verkelegheita.

Senterungdommen meiner seterdriftstilskotet må aukast for å bevare aktiv drift. Ein må auke tilskotet til vedlikehald av stølar og til naudsynt infrastruktur, ein må legge til rette mest mogleg for at det skal være mogleg å halde fram, samstundes som bevarer kulturlandskapet.

Norsk landbruk er klimavennleg, det same er stølsdrift. Det er med på å reparere klima, og er godt for dyra. Ved å bevare støls- og seterdrifta i Noreg held vi fram med eit berekraftig landbruk, god dyrevelferd og produksjon av norsk trygg mat. Samstundes som vi ivaretek held fjell- og kulturlandskapet vårt!

Ved å ta heile Noreg i bruk, reparerer vi klima!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags