– Eg er ikkje til pynt på fylkestinglista, om det er det du trur

LEI: – No er eg drit lei av folk, media og samfunn som meiner eg ikkje har politisk slagkraft, berre fordi eg er ung! skriver Bergljot Oldre, leder i Oppland Senterungdom.

LEI: – No er eg drit lei av folk, media og samfunn som meiner eg ikkje har politisk slagkraft, berre fordi eg er ung! skriver Bergljot Oldre, leder i Oppland Senterungdom. Foto:

Av
DEL

MeningerVi har sett det så mange gonger, eldre menn som ser bedande bort på unge jenter og seier «alder er berre eit tal». Men når unge krefter trugar plassen deira på ei liste, då får pipa ein annan låt! No er eg drit lei av folk, media og samfunn som meiner eg ikkje har politisk slagkraft, berre fordi eg er ung!

I kjølvatnet av nominasjonsprosessane rundt om i fylket, har eg merka at det skepsis til dei unge på listene. Senterpartiet i Hedmark og Oppland Sp har gjeve tydeleg signal om at dei satsar på ungdommen, ved å ha tre unge høgt på lista. For min eigen del er eg så heldig at eg har fått tiande plassen på lista, og er særs stolt av dette. Gleda vert derimot om til frustrasjon når det støtt og stadig vert stilt kritiske spørsmål til dei unge. «Er du sikker på at du klarar dette? Du er jo så ung», «Eg kjenner deg ikkje, men du er veldig ung», «Kva erfaringar er det du har gjort deg på den korte tida du har levd, som er relevante for å styre fylket vårt?»

Det verkar som at mange meiner alder er eit argument for å ikkje ta ungdommar seriøst og gje oss høge plasseringar på lister. Dette meiner eg er heilt feil! Eg er overtydd om at eg fekk tilliten til å stå høgt på lista fordi eg er flink, ikkje fordi ein måtte ha med unge kandidatar. 

Kvifor meiner nokre at alder har noko å seie i ein slik samanheng? Det burde vel heller handle om engasjement, kunnskap, politisk fartstid og vilja til å gjere ein forskjell? For meg viser desse haldningane berre at vi treng endå fleire ungdommar med sterke stemmer.

Eg veit at dersom eg kjem inn på fylkestinget som einaste representanten frå min region, vil eg ha alle lokallaga i Valdres i ryggen. Dette er menneske med særs lang fartstid og som sit på viktig kunnskap og erfaring. Dei kjem til å gje meg sine syn på viktige saker. Dette vil gje meg betre kjennskap og ei breiare kompetanse, som vidare vil føre til at eg er sikker på at eg tek dei vala eg meiner er best for fylket. Eg kjem til å få ei bratt læringskurve, men det er fordi dette kan verta mi fyrste periode på fylkestinget, ikkje fordi eg er 20 år. Læringskurva hadde vorte like bratt om eg hadde vorte vald inn for fyrste gong om 25 år.

Eg håpar vi kan snu denne trenden, og at alle kan behandle ungdommen på lik line med andre. Vi treng unge engasjerte, som kan vera med å utvikle politikken vidare i åra som kjem. Det er vi som skal leve her lengst, og det er vår framtidige fylke som vert planlagt. Vi er ikkje noko dummare fordi vi har hatt bursdagar færre gonger enn dei fleste andre politikarane. Dersom eg kjem inn på fylkestinget etter valet neste år, skal eg gjere alt i mi makt for å vise at eg er like dyktig som alle andre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags