Stor ståhei for ingenting

Av
DEL

LeserbrevDette seier Venstres Ketil Kjenseth til Oppland Arbeiderblad den 1.desember til sakene som skal behandlast på Stortinget 7. desember om fylkessamanslåingane. Og det har han egentleg heilt rett i. For det er stor ståhei for ingenting. At det skal iverksetjast store tvangssamanslåingar av fylker som klart har sagt nei til dette, sjølv om det er ingenting av nye oppgåver til dei nye fylkene er for meg og  mange andre ei gåte.

Så kan Kjenseth fortelja at Venstre og KrF alt hadde skrivi under på avtale med H og FrP i juni om fylkesreformen, så dette blir berre ei ny stadfesting frå fleirtalet om at det blir 10 fylker frå 2020. 

Mogleg Kjenseth har ein plan om å legge ned enda ei fylkeskommune, for det blir jo vitterleg 11 fylker om tvangskameratane står fast på sitt den 7. desember.

Så må eg få lov til å seia at fleirtalet i denne saka her er ei merkeleg gruppering. I spørjetimen på Stortinget 8. november sa kommunalministar Jan Tore Sanner at regjeringspartia egentleg vil legge ned fylkeskommunene, men at det var Venstre som hadde pressa fram denne denne fylkesinndelinga.  KrF sin leiar Knut Arild Hareide sa på sin side under valgkampen at den inndelinga som dei stemte for i juni berre var eit utkast som framstod som eit uferdig produkt.

Så fleirtalet som stiller seg bak denne tvangsreformen er svært underleg. Det er altså kun Venstre som meiner denne inndelinga som nå ligg på bordet er ein god ide. Og Kjenseth som er valgt inn frå Oppland og er saksordførar for forslaget om å oppheve vedtaket om samanslåing av Hedmark og Oppland, overser, overprøver og overkjører det klare fleirtalet som er mot denne samanslåinga av dei to fylkene. 

Og nå ser vi at forhandlingane mellom dei fylkene som nå skal tvingast saman går i stå. Det er krevjande forhandlingar, særleg med bakgrunn i at det ligg null og niks nytt i potten for forhandlingane som  kunne ha bidrege til litt å forhandle om.

Så ja, det er mykje ståhei for ingenting Kjenseth, det er nettopp det det er!
 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags