Eit opplandsk Oppland

GAMALT: Opplanda på gamalt kart, utsnitt.

GAMALT: Opplanda på gamalt kart, utsnitt.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Vi skal visst få nye fylkesgrenser. Sentraliserings-pådrivarane kjenner ingen grenser.

Det er mange måtar å lage eit administrativt landskapsnamn på. I vikingtida og den tid hadde vi Valdres og Hadafylket og Toten og Heidmarka og Ringerike. Dei var fylke eller småkongerike. Og alle saman høyrde dei visst til Opplanda, landa oppi der, landet opp for Vika.

For snart 100 år sidan vart Christians amt til Oppland fylke, oppkalla etter den gamle landskapseininga Opplanda, og Hedemarken vart til Hedmark. Dei hadde også gått under namna Vest-Oppland og Aust-Oppland. Heidmarka var ein del av Opplanda i norrøn tid.

Konstruer eit fylke. Tenk på eit namn. Tenk på ein stad. Hadafylket var eit gamalt administrativt område. Toten? Gjerne for meg. Heller det enn Mjøsbrua eller Rudshøgda.

Oppland og Hedmark har mange skogar med mykje skog. Skoggrensa dreg seg stadig oppover og utetter og det er så tett med skog langs vegar og jernbaneliner at du knapt veit kvar du er før du har kjørt for langt. Skogheim? Eller rett og slett Skogen.

Snertingdalen då? Det er omtrent det gegrafiske midtpunktet i Hedmark og Oppland har eg funne ut. Dessutan vakkert bejubla av Vazelina Bilopphøggers. Eller Klomsteinsroa?

Kva elles er typisk for Hedmark og Oppland, utanom tørr humor og kløyvd infinitiv? Elg, sau, ulv. Ulveland eller Vargmark? Som eit geografisk tidsbilde frå tidleg 2000-tal. Ikkje så gale som det ser ut. For Buskerud har ein bamse som fylkesvåpen. Og det fylkesbyråkratiske trafikkselskapet i Buskerud heiter Brakar, oppkalla etter bjørnen Bamse med same namn. Men eg er stygt redd vi då ville kunne få eit nyspråkleg fylkesnamn som UlveSone NordØst, omtrent som ein helseregion.

I ein kronikk blant anna her i OA har eg sett pensjonert professor Gro Steinsland argumentere for at det nye fylkesnamnet må bli Opplandene, ut frå historiske poeng. Godt historisk tenkt, men ikkje språkleg. Steinsland argumenterer ut frå kjende mytiske og historiske høvdingar frå Opplanda. Ho nemner ein interessant ukjend historikar som for sirka 900 år sidan skreiv Historia Norwegie på latin. Kjerneområdet i landet kalla han for Opplanda, i mi språkform. Det var alt landet nord for Vika, altså Ringerike, Hadeland, Toten, Romerike, Hedmark med Alvdalane, Mjøsa og landskapet rundt, Gudbrandsdalen med Lom og endelig det digre Dovrefjell som grensar til Trøndelag. Gro Steinsland argumenterer i si språkform for Opplandene. Men då ser ho bort frå ein språkhistorisk og dagsaktuell språkleg dimensjon. Og han historikaren skreiv ingen av delane, for han skreiv jo på latin.

Forma Opplanda er både bokmål og nynorsk, berre sjå i ordlista og høyr på folk rundt deg. Forma Opplandene er ei rein bokmålsform, meir skriftleg enn munnleg, lite brukt langs Mjøsa og Hunnselva. Dagens Oppland er ein språkkløyvd region, med rom for begge norske språkformer i offentleg styre og stell. Og i media. Både NRK, GD og avisa Valdres bruker både bokmål og nynorsk.

Skal vi sjå på kjende språkutøvarar i Norges-historia, har Hedmark og Oppland mykje å vise til. Bonderomantikaren Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad likte lenge folkemål og landsmål, men rakka ned på landsmålet då han vart gamal og gretten og gjekk lei dei gamle friskulefolka på Vonheim i Gausdal. Mens landingen Hans Sveen gav ut ABC på bygdemål frå Land i 1890.

I 1880-åra redigerte østerdølen Ivar Mortensson-Egnund fyrste nynorskavisa, Fedraheimen. Programmet vart formulert slik: «Fedraheimen vil ha Bonden og Arbeidaren fram, Kyrkja fri, Forsvarssamlag med Sverik utan Konge, Røysterett for alle og meir Sjølvstyre i Bygd og Fylkje, mindre Stats- og Embætsvelde, Sparepolitikk i alt so nær som Upplysningi.» Det var redaktøren sin, det.

Meir opplandsk og litterært landsmål, opplandsk i vid tyding: Hedmarkingen Hulda Garborg frå Stange gjorde stor innsats for landsmål, teater og bunad, ja og som forfattar. Og diktarpresten og nynorskingen Anders Hovden greidde å bli populær på Toten. Andre forfattarar i same slengen, frå bratte lier, djupe skogar og breie bygder: Sven Moren, Halvor Floden, Milada Blekastad, Åsta Holth, Knut Hauge, Svein Erik Brodal, Magnhild Bruheim og Anna Kleiva. Elles er det ganske god fordeling mellom nynorsk og bokmål i den opplandske skriftkulturen. Då blir det rart om fylket skulle få eit reint bokmålsnamn. Språknøytralt passar betre.

Den nye og halvgamle språkhistoria og kultursoga vår er viktig, vel så viktig som mytane om han langhåra Harald Hårfagre og populisten Dale-Gudbrand og torturisten Olav Digre. Truleg var dei språknøytrale, om dei fann det opportunt. Vikingpampane på Opplanda førte i alle fall eit markant maktspråk. Og truleg har ikkje Gro Steinsland tenkt over at forma Opplandene er ein språkleg bokmåls-markør. Men eit opplandsnamn kan vi gjerne ha, anten i språknøytralt eintal som Oppland eller fleirtal som Opplanda, om det er så om å gjera med eit storfylke.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags