Skal me gje frå oss råderetten over framtida til norsk fornybar energi? I mars skal Stortinget stemme over framtida til ei av våre viktigaste ressursar, vasskrafta. Det er ein føreseieleg og fornybar ressurs som både privatpersonar og industrien er heilt avhengig av. Ynskjer me å gje oss kontrollen og reguleringa over noko så viktig til nokon andre?

Regjeringa ynskjer at Noreg skal verta med i EU sitt energibyrå ACER, som er tilsvarande Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statnett. Byrået er eit overvakingsorgan i EU som har i oppgåve å sjå etter at EU sitt regelverk for elektrisitets- og gassmarknaden følgjast og gjennomførast. ACER har handhevings- og vedtaksmyndigheit, noko som vil seie at det vil kunne verta inngrep i nasjonal styring og kontroll.

Dette vil seie at EU får kontroll over norsk infrastruktur, utan at dei eig ressursane dei rådar over. Me bør ikkje gje frå oss kontrollen og reguleringa over noko som er så viktig for landet vårt. Norske fossefall varar evig og er alltid fornybare. Dei er ein stor ressurs Noreg har fått på grunn av landskapet vårt, og dei burde kontrollerast og regulerast av dei som kjenner Noreg best, nemleg nordmenn. Norsk industri får også eit konkurransefortrinn på grunn av at våre fornybare ressursar er så føreseielege. Lokale vasskraftkjelder førte tidleg til lokale elverk, som vidare førte til at norske bebuarar rundt om i landet tidleg fekk straum. Me har mykje å takke vassressursane våre for, og mykje å verne om.

Det er gjennom nasjonalstaten, med eigen politikk, regulering og kontroll, at me har greidd å skape gode levevilkår og ein trygg velferdsstat. Me mistar ein bit av Noreg ved å gje bort noko av råderetten vår. Når andre enn norske myndigheiter får makt til å bestemme i Noreg, er det suverenitetsavståing. Denne saka er eit slikt tilfelle, ved at ACER vil få det avgjerande ordet i regulering av norsk kraft.

Difor må denne saka handsamast etter Grunnlovens paragraf 115. Medlemskap i EU sin energiunion er overføring av myndigheit til eit internasjonalt organ. Dette krevjar ¾ tilslutnad frå Stortingsrepresentantane. Vasskraft er grønt, fornybart og framtidsretta. Ressursen er rein, påliteleg og kan produsere billig energi i generasjon etter generasjon. Ei miljøvennleg energikjelde er me avhengige av i framtida og moglegheitene er mange for kva me kan bruke han til. Desse moglegheitene må Noreg få råde over sjølve. Høgre pratar mykje om «Norge på sitt beste.» Og Noreg er Noreg på sitt beste når Noreg er Noreg. Med sjølvråderett og grøn energi.

Senterungdommen meiner at krafta og energien vår ikkje skal verta ei vare i EU-marknaden, men ein ressurs for å byggje landet vårt vidare. Dei norske ressursane skal høyre til nordmenn og kome innbyggjarane til gode!

Avgjerder som dette må difor handsamast som suverenitetsavståing i Stortinget, og representantane bør sei nei til EU sitt energibyrå ACER.